Kort tur i dag, kun 17 km opp til Kjølihytta. Regn stort sett heile turen. Gjekk forbi någen gamle gruver, rare plasseringar av dess gruvene, langt oppi fjelltoppane! Gamle var de, men eg kjende faktisk ei lukt av stein, må var sterke saker. De var fulle av vatn, kanskje det så lukta?
Nå er det tilbake til vanlig, aleina på hytta og ikkje truffe någen på veien. Men trønderane eg nok ikkje ute på søndager, iallefall ikkje når det regna! Dei sete nok inne og kokar søndags- trøndersodd!
Har kommentert myrområdene i Trøndelag tidligare, men dei siste 3-4 dagane har turane og stiane eg har gått vore aldeles glimrande! Det er vel dei beste og mest lettgådde eg har hatt til nå! Må sei eg har likt å gå i Sør-Trøndelag. Som sagt flotte stiar og med Sylane som mulighet hvis ein vil ha toppar.
Samtidig har eg truffe folk, interessante personar som tydelig er stolte over området. Å treffa folk når ein er ute i naturen er «kjekkare» enn ellers. Folk er seg sjølv, byr på seg sjølv og dermed er alle på bølgelengde med ein gong! Gode diskusjonar oppstår og alt i ein rolig og god atmosfære. Godt å være med på!
Men nå er eg tilbake til meg, fjellet og reinsdyra! Og dei reinsdyra er ikkje så gode å snakka med, de bare «grøltar» te meg å så stikke de!
Siste kommentarer