Nå har eg kommet meg til Tunnsjø senter, men lurer på koffer det hette «senter». Hadde håpt det i det minsta var ei pølsebod, men nei, ingen ting er det her forutan någen hus! Men eg har nå funne meg et grillhus som eg har tatt inn i for natta. Har ikkje funne resepsjonen i grillhuset, men har laga meg mat og drikk nå kaffi. Utanfor står det et partytelt, tenkte det var greit å liggja i!

Har blitt 39 km på vei i dag, går litt fortare men eg blir litt meir øm i beinå av å gå på vei. Også blir ein liksom mindre oppmerksom på natur og ting ein går forbi! Tenkje itte så har liksom dagen bare gått, utan dei store opplevelsane. Forresten, eg såg ein orrhane så letta rett ved veien! Flotte fuglar!

Har gått langs Limingen stort sett heile dagen, stor innsjø som ligg attmed Tunnsjøen. Er liksom nå heilt inntil svenskegrensa, meste slik at eg kjenne lukta av svenskar! I mårå må eg faktisk gå litt inn i sverige. Må vel «harryhandla» då, lura på om det er butikkar? Ser dårlig ut på kartet, men ein vett jo aldri med de svenskane, plutselig er det ein skinkebutikk rundt ein sving, då gjelde det om å ha kvoten klar..

Kommunen eg er i nå, Lierne, har 3 ryper i kommuneskjoldet. Traff faktisk ein mann i dag som var ute og lufta hunden, han sa at rypebestanden var på vei opp igjen! Får håpa han har rett, for oppe i Børgefjell hadde de hatt någen dårlige år nå.

20130731-195053.jpg

20130731-195130.jpg

30. juli 2013 · 5 comments · Categories: Generelt

Det blei ikkje så monge timar søvn i nått sjølv om eg kunne sove lenge i dag. Dei der —jjjjiiiiiii– myggfygelydar rondt håve klare på ein forbausande måte å halda ein vaksen mann våken gitt! Det er beviset på at det trenge ikkje var stort for å utretta møje gale! Tenk dei der små «knallane»klare å øydeleggja ein god natts søvn!

I og med at båten på Namsvatnet ikkje skulle gå før klokkå 2 , hadde eg veldig god tid i morges! Fekk gjort ein del nødvendige ting, pussa skor og slikt, og masse unødvendige ting.
I ti tiå kom det ein båt og eg lurte på om eg hadde bomma på tiå. Men det var eit par som hadde oppsynet med hytta og gapahaukar som var i området. Dei såg visst på meg at eg gjekk Norge på langs, for de spurde om eg sko til Røyrvik. Det skulle eg jo. Da tar vi sekken din med til Rørvik så slepp du bæra den i dag, sa dei! I tillegg konne dei fortelja møje om alt eg lurte på!
Så når eg kom til Limingen gjestegård stod sekken der!
Så nå trur eg at adle folk heroppe er født hjelpsomme, og etterpå har utvikla det til ein kunst!!

Børgefjell nasjonalpark er 50 år i år, og er utvida fleire gonger. Området er kjendt for godt fiske og god rypejakt. Bare synd at eg såg så lite av det i går.

Når du vakna i halv seks tiå og høyre det rista og regna kraftig på teltduken, så lure eg jo på kaffor det må det?akkurat i dag? Skal eg bare liggja heile dagen! Men itte og ha snudd meg i teltet og tatt borti teltduken på alle sider samt at teltduken er 10 cm øve augene, er eg glad for at eg kan stå opp og begynna å gå!

Regn og vind og skodd har prega dagen i dag. Så fekk sett lite av turen over fjellet! Så Børgefjell, mitt minne er masse stein og vatn! Heldigvis letta det litt når eg kom ner i Viermadalen og då såg eg jo at her var fint!

Set no i Viermahytta ved Namsvatnet, ei lita hytte det lokale fjellstyret har åpen for alle! Fint tilbud og godt å tørka klær, samt sova inne. Litt mindre mygg inne enn ute! Har i dag gått ut av Nordland og inn i Nord Trøndelag. Nordland (som burde hete Norlang) må eg sei var et vakkert fylke, sjøl om eg bare har sett fjelldelen av det. Sko så gjerna ha fått med meg Hengelandskysten og, den er visst også flott, seie de eg har truffet. Men, men..

Har gått litt over 30 km i dag, og det mesta etter GPS’en. Fantastisk hjelpemiddel når det ikkje er sti og bare tjukk skodde! Hadde ikkje GPS vore oppfunne, sko jammen meg eg funne det opp!

20130730-145139.jpg

20130729-230201.jpg

29. juli 2013 · 3 comments · Categories: Generelt

Eg er i teltet, så hvis dokke ska ha tak i meg, bare stikk innom. For det er jo ikkje mobildekning heller her! Er her til i mårå tidlig!

Starta tidlig i dag, og veret har vore bare flott, sol og varmt. Gjekk ned til Susendalen, og valgte ein vei i den retningen eg sko. Ingen skilting eller någe, Samane nektar! Og nå skal eg inn i Børgefjell, det er så verna at dei ikkje får mala turistveier eingong, spesiellt!!!

Tenkte eg får spørja i et hus her! Og det var fullklaff. Maen var født og oppvaksen på garden, og kunne fortelja at det var ikkje stiar etc. og fylja! Og kånå hu konne laga mat og inviterte straks på mat, og saft, og øl, og masse godt pålegg, sende med meg allslags godt, for någen greie folk det er adleveier, føle eg!!!

Så bar det i veg oppigjønå, og det er någe drid når det ikkje er stiar! Eg har slede meg gjønå vier og kratt, med bare legger og armar! Ska lova sangstemmen blei brukt til aent enn å synja! Og når eg til slutt trødde i vepsabol, blei det heilt gale! Vepsen stakk og eg sprong gjønå krattet så ein galen! E kje god dei vapsane når de e på bedet! Men eg kom meg unna de! Heldigvis hadde eg et «vidundermiddet» fått av Kurt før eg reiste, det virka kjempegodt, takk Kurt( visste du om det bolet du)
Ligg nå et stykke oppfor Tiplingen og håpar på å nå Namsvatnet i mårå.

20130729-185637.jpg

Litt slakke i dag, åt nok for møje boller i går. Men det var så godt..
Dagen starta med at eg skremde opp 2 elgar, 2 oksar faktisk. Men de stakk jo så fort at eg fekk ikkje bilde. Så bar det oppover, opp til over 800 m og så ned igjen til Grannes på litt over 300. (Såg forresten 2 elgar til, og dei fekk filma.) På Grannes traff eg han som driver campingen, han meinte at det var så varmt at eg burde få ei øl av han!! Tenk det, ei iskalde øl der, det smakte utrulig godt, han inviterte på kaffi og eg fekk eda nista mi hjå han!

Han kunne fortelja møje om litt eldre dagar, han hadde vore ein ivrig jeger. Rekorden for skogsfugl var 87 på ein sesong, derav 42 tiur!! Hadde også drevet med rypejakt, både med gevær og snare. Ein normalsesong låg mellom 400-600 ryper!! Hadde levert viltet tll Hotel Clntinental i Oslo.
Nå dreiv han mest med utleie av hytter til fiskere. Bra besøk meinte han. Skikkelig trivelig mann å snakka med’

Så bar det avgårde opp fra Grannes, opp til 950 meter i ein bakke, heldigvis va bakken litt i skyggen! Men det var utrulig varmt!

Har slått opp teltet, og ligg no å dorma, men nå begynner det å regna!! Får håpa teltet er godt nok oppsatt, trudde jo ikkje det skulle begynna å regna, det skifte fort gitt!

27. juli 2013 · 5 comments · Categories: Generelt

Då er eg kommen til Tverrelvnes og har tatt inn hjå Elisabet og Gunder Gardsmark. Og det er ikkje som vanlig, her blir en jo mottatt som om ein var ein i familien! Invitert inn på kaffi og NPL boller! Bare heilt fantastisk å komma til ein slik plass, de hjelper ein med alt ein trenge! Så det er vel «gla mat» mat i Stavanger nå, eg fekk min «gla mat» heroppe, nydelig!

Tverrelvnes ligg i Hattfjelldal kommune, ein kommune med rett under 1500 innbyggere. Stor kommune i utstrekning, strekker seg heilt inn i Børgefjell.

I tillegg kan de opplysa at eg nå er halveis på turen til Lindesnes! Ikkje verst det, nå har eg bare resten igjen!

Turen i dag var lang, ca 40 km, men rimelig godt å gå og godt merka. Først over fjellet ned til Krutvatn, så over neste fjell og ned til Tverrelvnes. Og sol, bare sol heile dagen. Blei så varmt at eg måtte hiva bukså og gå berre i bokseren! Ikkje farlig det, ingen folk å treffa på turen i dag heller!

20130727-141918.jpg

20130727-141937.jpg

26. juli 2013 · 5 comments · Categories: Generelt

Området rundt Okstindan var veldig flott, måtte ta mange bilder av det! Turen gjekk gjennom ein flott dal og med det været eg hadde i går, var det skikkelig fint!
35 km i sol og varmt gjor at svetten satt laust, trur eg skjelden har svetta så møje på ein dag, sikker på at eg drakk opp 3 liter vatn på veien, og når eg kom til Sivertgården, spurte vertinna om eg ville ha ein boks øl!!! Trur dokke eg sa nei? Trur det er den beste øl eg har drukke!!

På Sivertgården fekk eg sova i gamlestova, eit gammalt restaurert hus! Huset er veldig fint tillaga og gamle møbler, og tømmerveggene gjer at det er litt svalare inne enn ute. Godt å leggja seg etter ein lang dag! Høyre på landskamp Norge- Danmark som eg sovna litt fra av og til! Trur det varme været tar meir på enn vanlig, er skikkelig trøtt i kveld!

I dag traff eg ein fotturist!! Måtte mest ta bilde av han, er så lite folk å treffa om dagen! Han var fra lokalområdet og godt kjendt i fjella. Var skikkelig stolt over området vi var i, og interessert i ka eg meinte om det!
Generellt er dei folka eg har truffe veldig stolt over landsdelen de bur i, skrøyde over både fjella og kystområdet. Det er kjekt å sjå og høyra, og någe me sikkert kan ta litt lærdom av! For flott er det her, ingen tvil om det!
Men det er jo møje me har og ver stolte av me og!

20130726-115513.jpg

20130726-115533.jpg

20130726-115608.jpg

25. juli 2013 · 2 comments · Categories: Generelt

E kommen meg til Gressvasshytta, 29 km blei det i dag. Og det var skikkelig tungt i dag, ikkje fordi at det var så longt eller spesiellt tungt, men eg trur eg var blitt for godt vant med å bare slappa av, eta god mat, god drikke og godt lag! Også var sekken blitt vesentlig tyngre, opplasta med allslags godt. Har visst vore for lite kritisk igjen. Men det er jo såååååå møje godt å kjøpa i butikken!
Egentlig sko det vore egne skillt og
vekt i handlekorjå for slike så meg på tur! Vekt så peip og skreig ut for kver halvkilo. Eks: oy, oy skal du virkelig ha den pannekakeposen? Er du klar øve at du skal bera dette! Tar du meir nå så slide du i motbakkane, nytta ikkje å klaga te meg iallefall!
Då hadde kanskje sekken blitt litt lettare!

I dag har det vore skikkelig fint ver. Har gått inn og langs Okstindane ( 11 spisse og høye tindar) og Okstindbreen! Et flott syn med blå himmel, sol og den kvite breen! Oksskolten med sine 1916 moh. er det høyeste fjellet i Nord-Norge. Dette er et veldig lunefullt område der været skifter veldig fort. Spesiellt vindar er skummle og har tatt flere menneskeliv på vatna her! Vindstyrke på 170,6 km/t er målt på ei hytte i området! ( orkan starter på 118)

Men i dag var det heilt stillt og sol gitt!

23. juli 2013 · 4 comments · Categories: Generelt

Eg er blitt Mo i Rana frelst! Fy søren for ein kjekk dag og så trivelig plass å ver! Har tilbrakt dagen med Johanne i Mo, i fint sommerver, bare slapp av og gjort litt innkjøp til turen videre.

Å handla i Mo er ein god opplevelse, masse folk som vil hjelpa, har de ikkje det du ser etter, ringe de til någen andre og spør om de har! Det starta med at eg sko hatt någen kart og nye sko! Ringe først til turistforeningen, de har sommerstengt. Men ein mann ringe opp igjen og spør om det er någe eg trenger! Eg forklare og han gir tips til kor eg skal gå (sporten havna) Der har de ikkje størrelsen eg trenge, men de ringe då til ein annan butikk! Der har de det eg treng! I tillegg ein kjempedyktig mann som kjem med masse gode råd og anbefalinger! Så folkens, treng dokk sko og er i mo, er Bjarne Hall plassen!! Sko vore fleire slike folk og butikkar!! Over heile Norge!!

Trengde også å vita om det går buss til Umbukta i morgon tidlig. Nei det gjer det ikkje, men Tor Inge Kristiansen på Umbukta tilbyr seg å kjøra meg!!! Fantastisk med slike folk!!
Så ei sterk anbefaling, gå aldri forbi Umbukta eller Mo i Rana uten å stoppa!!!

Så nå er innkjøp gjort og er klar for tur videre sørover.

20130723-221425.jpg

22. juli 2013 · 2 comments · Categories: Generelt

Å jøss for ein endring! Starta dagen på 950 moh, aleina og skodd, vind og kaldt! Skulle gå 12 km til Umbukta. På den turen lysna det opp, sola kom gjennom skydekke og temperaturen steig, slik at eg kunne ta av litt klær litt etter litt! Når eg kom til veien kunne eg sitja i veikanten å haika uten å frysa!!

Skulle jo inn til Mo i Rana, fekk haik med ein veldig kjekk kar! Han kunne fortelja møje om Mo, 24000 innbyggere, opprinnelig kraft- og jernverk som grunnlag for oppbygging! Jernmalm utvinning ble nedlagd slutten av 80-tallet. Da jobba 4500 personer på verket! Store omstillingsmidler har bore frukter, og nå er det et aktivt næringsliv i de gamle lokala. Masse positivt som skjer, ny flyplass skal bygges, og gammel gruvedrift vurderes å starte igjen!

Er nå på hotell og har fått besøk av Johanne! Fantastisk kjekt! Kviledag i mårå! Klypt håret, ede god mat, litt vin og vaska klær! Det trengdes visst, var ikkje akkurat god såpelukt av de!

Forresten, har kjøpt meg ny Caps! Når ein ikkje har så tjukt hår på håve er det veldig viktig å ha någe på toppen! Tenk hvis eg hadde mista den caps’en eg har, og ikkje hatt ein ny klar i sekken! Forstår? Hvis ikkje, klypp av alt hår på toppen og gå ut i ei haggelbyge, så forstår du!

20130722-214540.jpg

20130722-214819.jpg

20130722-215144.jpg