23. juli 2013 · 4 comments · Categories: Generelt

Eg er blitt Mo i Rana frelst! Fy søren for ein kjekk dag og så trivelig plass å ver! Har tilbrakt dagen med Johanne i Mo, i fint sommerver, bare slapp av og gjort litt innkjøp til turen videre.

Å handla i Mo er ein god opplevelse, masse folk som vil hjelpa, har de ikkje det du ser etter, ringe de til någen andre og spør om de har! Det starta med at eg sko hatt någen kart og nye sko! Ringe først til turistforeningen, de har sommerstengt. Men ein mann ringe opp igjen og spør om det er någe eg trenger! Eg forklare og han gir tips til kor eg skal gå (sporten havna) Der har de ikkje størrelsen eg trenge, men de ringe då til ein annan butikk! Der har de det eg treng! I tillegg ein kjempedyktig mann som kjem med masse gode råd og anbefalinger! Så folkens, treng dokk sko og er i mo, er Bjarne Hall plassen!! Sko vore fleire slike folk og butikkar!! Over heile Norge!!

Trengde også å vita om det går buss til Umbukta i morgon tidlig. Nei det gjer det ikkje, men Tor Inge Kristiansen på Umbukta tilbyr seg å kjøra meg!!! Fantastisk med slike folk!!
Så ei sterk anbefaling, gå aldri forbi Umbukta eller Mo i Rana uten å stoppa!!!

Så nå er innkjøp gjort og er klar for tur videre sørover.

20130723-221425.jpg

4 kommentarer

  1. Desse ulltrøyene dine var då mykje meir tettsittande for ein måneds-tid sidan! Får du i deg nok snickers? 🙂 God tur vidare!

  2. Takk for herlige dagar i Mo. Enige, for ein flotte plass og hjelpsomme folk. Men altså, som admin. påpeige, så e’ det ikkje bare bokseren som har fått sleng!. Der e’ heilt klart sleng i ulltrøyene og! Sjøl om an gjekk te innkjøb av 5 jappar av den styste sorten, så e’ det tydeligt ikkje nok! Fekk gjødd seg litt opp på Meyer hotell nå, og eg lokte an te’ å kjøba litt meir go’-sager i sekken. (Med fare for at vinningå går opp i spinningå, si sekken blir litt tyngre då :-). God tur videre i fin-været. På med mini-shortsen nå, hvis ikkje myggen tar deg!

    Johanne

  3. Kjøkkensjefen lurer på om han skal sende opp litt kaloribomber til deg evt. disse kakerestene som alltid får ben å gå på når du er innom..men som nå blir liggendes urørt når du er ute og vandrer…??
    Her følger vi deg dag for dag med et svært kart over hele veggen på resepsjonen, rød sprittusj-strek på kartet forlenges for hver dag.

  4. Marit Tjørhom

    Sia det låg udskrift av Mo-i-Rana-bloggen på rommet blei vandraren tema i dag, » Voldsomt fint hus» – sjøl om det va svart/kvitt utskrift. E enige om at du e ein støvanes kar, men uenige når det kjem t anlagt skjegg. Kos deg mens du he møje godt i sekkjen og god tur viare!
    Helsing frå Torstein og Marit

Legg inn en kommentar