10. september 2013 · Write a comment · Categories: Media · Tags: ,

tvvest1

I går var Sigbjørn gjest i TV Vest sitt studio.

Sjå sendinga på TV Vest sine sider

Leser du dette fra mobil, så har du mobilvennlig versjon på denne lenken!

Visste du at over 45.000 har vært innom bloggen siden turen starta? På den mest besøkte dagen hadde Sigbjørn snaut 1200 personer som leste hans skriblerier. Imponerande.

//admin

Så var turen kommen til siste etappe, 33 km fram til Lindesnes Fyr. Starta kl 07:15 frå ei brakka eg hadde fått sova i. Merkelig koss det blir! Den plassen eg hadde tenkt å sova var stengt, så eg måtte bare fortsetja vidare. Gjekk forbi eit forsamlingshus og der stod det 2 menn utforbi. Dei såg meg og ropa : Har du gått langt? Såg deg på facebook, du traff Arvid Meland!
Så blei eg tilbudt å låna ei leilighetsbrakka å overnatta i. Då var det ordna!!

Det var merkelig nok litt tungt å starta siste dagen , vett ikkje koffer. Var nok ein kombinasjon av litt såre bein, dårlig frokostmat og store forventninger til å nå målet. Men gjekk på og nærma meg km for km. Fekk melding om at eg ikkje måtte komma fram før kl 3, så eg blei «plukka opp»på vegen og gitt mat og drikke på hotell ei god mil før målet!

Sista mila hadde eg lag med Sigrun så den gjekk unna!

Å så såg eg fyret, flott gjeng som tok imot meg, ned og ta i sjøen, skriva i boka på fyret, herligt å sjå familien igjen! Sterk opplevelse for ein så har gått aleina i 3 mnd. og som har gleda seg til dette!! Eg måtte pusta gjupt då!!

Ny stor mottakelseskomite då me kom til Stavanger, familie og venner stod klar til stor fest, må bare sei tusen takk for at også den siste dagen av turen blei ein «høydare»

83 dagar på tur langs heila Norge, ein stor opplevelse for meg! Eg skal nå gå gjennom dette, kjenna på følelsar og inntrykk! At det er over er godt, god følelse blanda med litt vemod også! Ikkje over det å komma him, men turen har gitt meg så monge spennande opplevingar!

Til slutt, tusen takk alle så har gidda følgja meg på bloggen, skreve kommentarer til meg og tilkjennegjort at dokke har følgt med til mine nærmaste!

Om bloggen nå stoppar eller om det kjem ytringar om dei første dagane etter turen, vett eg ikkje enda!

Siste kveld før eg (forhåpentligvis) når Lindesnes! Har fått meg losji i ei brakke på ein gard rett før Vigeland. Det blei 50 km i dag, måtte komma meg nærmast mulig Lindesnes. Fått beskjed av Johanne at eg må ver på Lindesnes kl. 15:00 i mårå. Og når kånå seie det så våga eg ikkje anna enn å lya! ( har du vore vekke i 3 mnd. så trur eg det er lurt) Og då kan eg ikkje ha någe særlig lenger enn 35 km att. Men 50 km på asfalt med fjellskor var i drøyaste laget, det kjennest i føttene!

Formann i Sola KRF( Bjørg L) hadde lova meg at KRF hadde vaffelkager på stands i dag, og når eg såg ein KRF logo føyg eg bort og sa: dokke har vaffelkager? Men nei, ingen gode kager med syltetøy hjå dei! Litt tidlig visst! Men når eg kom tll neste tettstad, hadde de forføytta seg, og då ska eg sei det blei greier! Partiene «pepra» meg med kager, kaffi, roser og allslags! Så nå lure eg på om eg kan stemma litt på adle. For me leve jo i et demokrati, og adle skal jo då ha liga møje. Blir ikkje lett dette, men i mårå må eg kalla inn til familieråd, og så må me fordela stemmene så best me kan! (Lure på koss eg ska gjer for å få na Johanne te og stemma FRP, det blir ei nøtt!)

Ellers blei eg hyggelig øveraska i dag, syskenbarn Steinar hadde heve seg på motorsykkelen og møtte meg uanmeldt! Han hadde kaffi og kaga med seg og me fekk ein god drøs, kjempetrivelig!

42 km på vei frå Ljosland til Sveindal. Og nå går det stort sett unnabakke! Så det er ikkje dei store fysiske utfordringene.

Som eg sa sleit eg med å finna øvenattingstad. Heilt til eg kom til Åseral, nærmare bestemmt Kyrkjebygda. Der gjekk eg inn på kafeen. Bestillte meg mat og nevnte problemet mitt te hu så «skrellde gulrøtter» bak disken. Så var » ballen i gång». Hu ringte og sjekka og balte på i håp om å finna plass te meg. Men det var ikkje lett . Så kom ei anna jente inn og hu vart straks orientert frå dama bak disken! Og hu visste om et hus som stod tomt, og ringte de som eigde det!
Så skjer det magiske, de som eige huset kjeme ned på kafeen, tar sekken min og ei madrass og kjøre 19 km til huset med det!!! Ka ska eg sei anna enn tusen takk, fantastisk!!

Denne turen eg har hatt har gitt meg ei grunnleggjande tru på godhet og omtanke! Det er så monge folk som har så møje hjelpsomhet i seg at eg blir heilt rørt! Den eine øvegår den neste. Dei så snakka om eit «kaldt» samfunn uten at folk bryr seg må ta seg ein tur til dei små samfunna eg har vore innom! Der er det mykje å lera!! Det starta på bussen frå Alta til Nordkapp og etterpå har det bare fortsatt, heilt ned hertil!

Hu eina av dei så ordna meg plass var ute og delte ut raude roser, i desse valgtider. Hadde politikken til AP vore liga god som hu; så hadde desse samfunna hatt verdi også for andre enn meg!

Spesiell dag i dag, siste dagen på sti i fjellet på denne turen. Er kommen til Ljosland Fjellstove på Ljosland. Nå har eg ca. 12 mil igjen, alt på asfalt.

Starta tidlig i dag, hadde selskap av ein mann på hytta i går, og han fortalde at det var ein fæl tur eg sko gå i dag! Eg hadde sett på kart at det var ca. 23 km og hadde tenkt at det var en kort dag. Men han maen sa at eg trong iallefall 9 timar på turen, 4 av dei var langs vatn med veldig dårlig sti og bare sorpa, stein og kratt. Så eg tenkte det får da gå det og!

I heila planlegginga av NPL turen min har eg hefta meg med fjellgarden Pytten. Vett ikkje koffer men det har vore liksom eit mål frami der, og etter to timar i dag var eg plutselig på Pytten!! Å så godt å ver på Pytten! Forstår nå koffer det hette pytten, det var liksom ein pytt med denne fine garden rundt!
( volsomt med pytt det blei)

Men konne ikkje gi meg te der, og fortsatte vidare. Var snart ved vatnet og gjorde meg klar for «dritturen» rondt vatnet! Men det kom ingen drittur, vel var stien blaut og litt steinete, men veldig grei å gå. Og hadde veret vore bra så trur eg turen hadde vore heilt topp! Etter 5,5 time var eg framme!

Så nå er eg tilbake der kor alle kjøre bil og har sitt eget hus/hytta. Ingen turistforening som har bygd hytta for meg meir. Har plan om å finna meg någe i Sveindal området i mårå, men det er ingen plass å ta inn! Vett ikkje koss det vil gå, kanskje eg må gå heila nåttå?

20130905-210117.jpg

Vakna til flott solskin og heilt stilt. Fint ver er alltid bra, men ein varm septemberdag i heiå er bare fantastisk! Lufta er liksom så klar og rein, ein lure på ka ein har gjort som gjer ein fortjent til å få slike dagar! Rusla avgarde klokkå ni frå hyttå i bare kortbukså og t-skjortå, og svetten kom fram alikavel!

Starta seint i dag, skulle bare gå ca. 2 mil i lett terreng i dag. Godt med ein kort dag, har vore lange dei siste dagane. Og i dag traff eg faktisk på to turgåarar, to damer som hadde hatt ein liten fjelltur.

Var nok meir trafikk i denne ruta for 100-200 år sidan. Ruta følg ein gammal ferdselsvei mellom setesdal og stavanger som setesdølane bruka. Dei hadde med seg skinn som dei bytte med varer dei trong. Ved Håheller låg det faktisk ein «skysstasjon» og to familiar bodde der tidlig på 1800 talet. Tenk det på 900 moh.

Er nå kommen til Gaukheihytta, ei veldig populær hytte som er betjent i sommarsesongen, men ikkje lenger enn til slutten av august

20130906-092747.jpg

Nå e eg kommen te Sirdal, for nå treffe eg jærbuar som er på sauesanking. Gode jærbuar eg kjekt å treffa på. Åpningsrepkikk någe slik så dette: Å æ du berre ein gåande du! He du gjee langt? Eg svarte så best eg konne at ja, det hadde eg og sa kor eg hadde gått fra. Då var replikken: å gud bevare mæg, he du sitt møje saue!! Han var på sanking og hadde fokus på det! Hadde mest lyst å vera med han, trivelig kar!

Kom te vegen som går meliom Brokke og Suleskar, så kom det ein svær amerikansk bil glidane med oksehorn på taket! Inni sat ein mann med svær cowboyhatt. Stoppa og ut kom Arvid Mæland, jærbuen med møje mot og entusiasme! Så blei det prat om amerikaranch, gard i Vågå og melandsmarsj. Hadde gått frå Hjelmeland til Jæren for et par veker sia! Gode folk dei jærbuane og!

Turen i dag gjekk frå Kringlevatn til Håheller, via Heibergtunet Storevatn og Taumevatn. Og for ein flott tur! Vekslar mellom fine grasdalar, små vatn og litt hei! Kan anbafales, spesiellt i det flotta veret som nå er!

20130905-160115.jpg

20130905-144843.jpg

20130904-125324.jpg

Lang tur i dag. Frå Krossvatn til Kringlevatn. Gjekk i 11 timar, skikkelig drittver mest heile dagen. Heldigvis lysna det litt utpå ettermiddagen så fekk av regnklenå den siste timen.

Er nå kommen til hyttå og her er det ein gjeng frå Erfjord på reinsdyrjakt. Då va me igang, snakka om jakt, felles kjende og allslags. trivelige folk de
I frå Erfjord!! Så det blei ein kjekk og trivelig kveld!

Gjekk forbi Gyvatn og Sandvatn hyttene og må sei det kom minner frå den tiå når me var på reinsdyrjakt der. Minner som er gode å ha og kjekke å ta fram når det regna og blese som verst!

Terrenget er møje opp og ned, møje håler og dalar som måtte kryssast, heilt til eg kom så langt at det gjekk nedover mot Kringlevatn, dei siste to timane.

20130903-114045.jpg

20130903-114136.jpg

Turen i dag gjekk frå Mostøl til Krossvatn, rimelig kort tur, men gjennom litt krevande terreng. Ein del stigning opp frå Mostøl, så gjennom et trongt skar, og vidare opp og ned, kronglete og ulendt til vegen frå Strandalen kjem opp. Derfrå er det stortsett bra å gå.
Første del av turen hadde eg lag med Mikael, han gjekk med meg et par timar! Kjempekjekt å ha selskap!

Veret har vært surt i dag, regna og blåst heile dagen, samt skodde så hindra sikten. Og oppi skaret var det litt slaps, nysnøen låg frå 1300 moh, så det hausta nå! Får håpa at snøen lar venta på seg ei veka til

Når eg kom til hytta var den varm, er nok ikkje lenge sia de var gått dei som hadde vore her nåttå før meg! Eg var veldig våt så det var godt å komma inn.

Kjenne nå at eg nærmar meg slutten på denne turen, er motivert for å komma meg vidare mot Lindesnes, så håpar på å starta tidlig i mårå