Spesiell dag i dag, siste dagen på sti i fjellet på denne turen. Er kommen til Ljosland Fjellstove på Ljosland. Nå har eg ca. 12 mil igjen, alt på asfalt.

Starta tidlig i dag, hadde selskap av ein mann på hytta i går, og han fortalde at det var ein fæl tur eg sko gå i dag! Eg hadde sett på kart at det var ca. 23 km og hadde tenkt at det var en kort dag. Men han maen sa at eg trong iallefall 9 timar på turen, 4 av dei var langs vatn med veldig dårlig sti og bare sorpa, stein og kratt. Så eg tenkte det får da gå det og!

I heila planlegginga av NPL turen min har eg hefta meg med fjellgarden Pytten. Vett ikkje koffer men det har vore liksom eit mål frami der, og etter to timar i dag var eg plutselig på Pytten!! Å så godt å ver på Pytten! Forstår nå koffer det hette pytten, det var liksom ein pytt med denne fine garden rundt!
( volsomt med pytt det blei)

Men konne ikkje gi meg te der, og fortsatte vidare. Var snart ved vatnet og gjorde meg klar for «dritturen» rondt vatnet! Men det kom ingen drittur, vel var stien blaut og litt steinete, men veldig grei å gå. Og hadde veret vore bra så trur eg turen hadde vore heilt topp! Etter 5,5 time var eg framme!

Så nå er eg tilbake der kor alle kjøre bil og har sitt eget hus/hytta. Ingen turistforening som har bygd hytta for meg meir. Har plan om å finna meg någe i Sveindal området i mårå, men det er ingen plass å ta inn! Vett ikkje koss det vil gå, kanskje eg må gå heila nåttå?

20130905-210117.jpg

5 kommentarer

  1. Du e barske Sigbjørn, va vel aldri i tvil om at du kom te gjennomføra men fy søren for en tur du har hatt, me så har fulgt deg på bloggen har jo og vært på tur på ein måte 🙂 du får bare banka på ei dør og fortella erende ditt så tror eg du får låna ei seng sama kor du banke på. Nyt de siste dagene sjøl om de e på asfalt. glede oss te gode historier i Bremanger.

  2. Kanskje du passerer hytta til Tor og Mette? Den ligger rett i nærheten av fjellstova på Ljosland.. Tenk at du snart er fremme ved målet, kjennes nok rimelig godt 🙂 Snur du på Lindesnes og går «opp» til Hjelmeland etterpå? Kanskje du rekker frukt og laksefestivalen.. God sisteetappe på asfalt fra oss to i Olaf Paulusvei.

  3. E det Pytten på bildet her ? Sikker på at egdene vil gje deg husrom viss du banke på ei dør. Ser i forrige kommentar at fleire enn meg lure på avslutninga her. «Him te Hjelmeland» – koss e planen for den etappen ? Foken inn med helikopter midt i Frukt & Laks, elle någe ?

  4. Sallan Sigbjørn, du e pigede snart i mål! Ska sei. Du e gode! Hilsen fra oss i byfogden

  5. Hi Sigbjørn,
    It was a pleasure meeting you up in the North in July. Sorry, meant to leave a comment like months ago.
    Have been following your trip most of the way. Quite a cool adventure you’re having! Hope you have a few good final days. You’re almost there now 🙂
    Many greetings from Lukas, the German with the umbrella

Legg inn en kommentar