42 km på vei frå Ljosland til Sveindal. Og nå går det stort sett unnabakke! Så det er ikkje dei store fysiske utfordringene.

Som eg sa sleit eg med å finna øvenattingstad. Heilt til eg kom til Åseral, nærmare bestemmt Kyrkjebygda. Der gjekk eg inn på kafeen. Bestillte meg mat og nevnte problemet mitt te hu så «skrellde gulrøtter» bak disken. Så var » ballen i gång». Hu ringte og sjekka og balte på i håp om å finna plass te meg. Men det var ikkje lett . Så kom ei anna jente inn og hu vart straks orientert frå dama bak disken! Og hu visste om et hus som stod tomt, og ringte de som eigde det!
Så skjer det magiske, de som eige huset kjeme ned på kafeen, tar sekken min og ei madrass og kjøre 19 km til huset med det!!! Ka ska eg sei anna enn tusen takk, fantastisk!!

Denne turen eg har hatt har gitt meg ei grunnleggjande tru på godhet og omtanke! Det er så monge folk som har så møje hjelpsomhet i seg at eg blir heilt rørt! Den eine øvegår den neste. Dei så snakka om eit «kaldt» samfunn uten at folk bryr seg må ta seg ein tur til dei små samfunna eg har vore innom! Der er det mykje å lera!! Det starta på bussen frå Alta til Nordkapp og etterpå har det bare fortsatt, heilt ned hertil!

Hu eina av dei så ordna meg plass var ute og delte ut raude roser, i desse valgtider. Hadde politikken til AP vore liga god som hu; så hadde desse samfunna hatt verdi også for andre enn meg!

4 kommentarer

  1. Herligt. Har du lagt i fra deg Ringstinden?

  2. Gry Åse Tjørhom

    Då er du snart til vegs ende. Imponerande. Det he vore kjekt å fulgt deg på den lange ferda frå nord til sør. Fine skildringer og bilete. Kjekt og informativt.
    Lukke til med dei siste kilometerane!

    Gry Åse Tjørhom

  3. Kan tenke at det blir storfeiring når du runder ned mot Fyret – vel fortjent og gratulerer! Innsatsen fortjener god plass i tøffingeboka hos fyrvokteren. Jeg var heldig som møtte deg og kona di på Dærta og som dermed fikk anledning til å følge deg på turen og mimre over ruta igjen. Det har vært en racerfart og en kondis som hører hjemme på øverste hylle. Lykke til med nye turer og naturopplevelser.

  4. Eg e imponerte. Kjempeprestasjon. Har vore gildt å fylgja deg på bloggen din. Så takk for turen, nå treng eg ikkje å ta han sjøl:)

Legg inn en kommentar