Vakna til flott solskin og heilt stilt. Fint ver er alltid bra, men ein varm septemberdag i heiå er bare fantastisk! Lufta er liksom så klar og rein, ein lure på ka ein har gjort som gjer ein fortjent til å få slike dagar! Rusla avgarde klokkå ni frå hyttå i bare kortbukså og t-skjortå, og svetten kom fram alikavel!

Starta seint i dag, skulle bare gå ca. 2 mil i lett terreng i dag. Godt med ein kort dag, har vore lange dei siste dagane. Og i dag traff eg faktisk på to turgåarar, to damer som hadde hatt ein liten fjelltur.

Var nok meir trafikk i denne ruta for 100-200 år sidan. Ruta følg ein gammal ferdselsvei mellom setesdal og stavanger som setesdølane bruka. Dei hadde med seg skinn som dei bytte med varer dei trong. Ved Håheller låg det faktisk ein «skysstasjon» og to familiar bodde der tidlig på 1800 talet. Tenk det på 900 moh.

Er nå kommen til Gaukheihytta, ei veldig populær hytte som er betjent i sommarsesongen, men ikkje lenger enn til slutten av august

20130906-092747.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *