Når du vakna i halv seks tiå og høyre det rista og regna kraftig på teltduken, så lure eg jo på kaffor det må det?akkurat i dag? Skal eg bare liggja heile dagen! Men itte og ha snudd meg i teltet og tatt borti teltduken på alle sider samt at teltduken er 10 cm øve augene, er eg glad for at eg kan stå opp og begynna å gå!

Regn og vind og skodd har prega dagen i dag. Så fekk sett lite av turen over fjellet! Så Børgefjell, mitt minne er masse stein og vatn! Heldigvis letta det litt når eg kom ner i Viermadalen og då såg eg jo at her var fint!

Set no i Viermahytta ved Namsvatnet, ei lita hytte det lokale fjellstyret har åpen for alle! Fint tilbud og godt å tørka klær, samt sova inne. Litt mindre mygg inne enn ute! Har i dag gått ut av Nordland og inn i Nord Trøndelag. Nordland (som burde hete Norlang) må eg sei var et vakkert fylke, sjøl om eg bare har sett fjelldelen av det. Sko så gjerna ha fått med meg Hengelandskysten og, den er visst også flott, seie de eg har truffet. Men, men..

Har gått litt over 30 km i dag, og det mesta etter GPS’en. Fantastisk hjelpemiddel når det ikkje er sti og bare tjukk skodde! Hadde ikkje GPS vore oppfunne, sko jammen meg eg funne det opp!

20130730-145139.jpg

20130729-230201.jpg

Legg inn en kommentar