Kort tur i dag, kun 17 km opp til Kjølihytta. Regn stort sett heile turen. Gjekk forbi någen gamle gruver, rare plasseringar av dess gruvene, langt oppi fjelltoppane! Gamle var de, men eg kjende faktisk ei lukt av stein, må var sterke saker. De var fulle av vatn, kanskje det så lukta?

Nå er det tilbake til vanlig, aleina på hytta og ikkje truffe någen på veien. Men trønderane eg nok ikkje ute på søndager, iallefall ikkje når det regna! Dei sete nok inne og kokar søndags- trøndersodd!

Har kommentert myrområdene i Trøndelag tidligare, men dei siste 3-4 dagane har turane og stiane eg har gått vore aldeles glimrande! Det er vel dei beste og mest lettgådde eg har hatt til nå! Må sei eg har likt å gå i Sør-Trøndelag. Som sagt flotte stiar og med Sylane som mulighet hvis ein vil ha toppar.

Samtidig har eg truffe folk, interessante personar som tydelig er stolte over området. Å treffa folk når ein er ute i naturen er «kjekkare» enn ellers. Folk er seg sjølv, byr på seg sjølv og dermed er alle på bølgelengde med ein gong! Gode diskusjonar oppstår og alt i ein rolig og god atmosfære. Godt å være med på!

Men nå er eg tilbake til meg, fjellet og reinsdyra! Og dei reinsdyra er ikkje så gode å snakka med, de bare «grøltar» te meg å så stikke de!

20130811-221204.jpg

Flott dag i dag, fra Storeriksvollen via Nerdalshytta til Stuggudalen, til hotell Vektarstua. Fint å komma på hotell, god dusj, god mat og god drikke! Turen i dag var 43 km i et veldig lettgått terreng, første delen langs Sylarna, der Syltoppen er over 1700 m.
Neste helg er det konkurranse som går fra Nerdalshytta til Syltoppen, litt over 11 km og 1000 høydemeter. Mange av de store skiløperne er med, bl.a Nortug og Dyrhaug fra landslaget!

Har nå hatt 3 kvelder med de som er på ridetur, me har gått samme turen kvar dag! Og i dag var de framme før meg. Shit!!! Har hatt ein kjekk kveld saman med de. De fleste var fra Sverige, men også ei fra Tyskland!
Ole Dyrhaug, som driv ridefirma, fortel møje om området her. Skikkelig idrettsfamilie, sønnen er skiløperen Niklas Dyrhaug og kona er daglig leder i Rosenborg Fotball! Eg fekk han ikkje til å ver heilt enige i at Viking er best!

Nå er det adskillig meir folk å treffa om dagane, mange skulle gå på Syltoppen i dag. Må sei det frista litt å gå opp for meg og, men då hadde turen blitt for lang!
Er nå kommen inn i Sør Trøndelag og nærmer meg Røros! Det er liksom det nesta delmålet!

20130810-230951.jpg

20130810-231233.jpg

20130810-231307.jpg

Er kommen til Storeriksvollen, betjent hytte på grensen til sylarne i sverige. Her var det svenske general Armfeldt med sine 10 000 mann i år 1719 gjekk til angrep på Trondheim samtidig som Kong Karl Xll gjekk til angrep på østlandet med hensikt på å erobre Norge. Det gjekk ikkje!!
Retretten gjekk over her og inn i Sylene. Ble takk av kulde og storm og over 2500 mann frøs i hjel. På sin vei plyndret de alt og det utløste hungersnød fler år etter!

Her er det kjempehyggelig, skikkelig opptur for ein så stort sett har vore aleina! Truffe naboar frå Stavanger og andre kjekke folk, nå får eg testa om eg beherske det sosiale liv igjen. Føle det går greit, eller så er de bare greie med meg!

Turen i dag var kanskje den mest lettgådde til nå, 24 km i flott terreng. Litt regn og skodd var det einaste som gjorde turen litt blaut.
Her på hyttå er det dusj og allslags, er så rein nå at det føleseste nakent. Om det er sunt å være så nyvaska vett ikkje eg, men det lukta iallefall godt!

Har nå fått 3 retters middag, litt vin og masse interessante samtaler! Gjere godt!! Må vel sei at det er et skikkelig løft frå teltmaten gitt!

20130810-082421.jpg

20130809-215503.jpg

Har vært i Meråker på kafe! Åt hamburger med pommes frites, og kaffi med påfyll! Godt å sjå folk, på kafeen var me iallefall 3 stk. Eg så åt og så 2 eldre så drakk kaffi! Men det er vel ikkje akkurat kafe-tid klokkå 12 på ein torsdag! Fekk kjøpt det eg skulle, og dermed bar det videre!
Har gått 43 km i dag, så lang dag, men fint ver.
Meråker (kommune med ca 2500 innbyggere) er faktisk også ein gammal gruveplass, med lang historie! Det er det sama kobbar gruvebeltet som går herfra heilt til Røros. Og er visstnok landets største. Men det finnest også andre mineraler i fjella her.
Nå er det nedlagt, Elkem hadde et smelteverk som blei stoppa for ca.10 år sia.

90 % av skogen i Meråker eiges av Meråker Brug, et privateigd selskap som driv skogen. De har også produksjonslokaler i Meråker.

I dag er det også andre folk på hytta! Blant andre någen så er på ridetur på Islandshester! Driveren av ridefirma, Ole Dyrhaug, har farta rundt i fjella her sia 1971 så han kan fortelja møje om gode rutevalg. Veldig trivelig kar som også er skismører for de gode skigutta om vinteren.

I morgon går turen videre til Stor-Eriksvollen, ein av dei mest kjende fotturistplassane i området!

Så var det någe anna en myr i Nord-Trøndelag. Starta dagen med lett yr og tjukk skodde, såg kun någen meter. Tenkte det er då ikkje så farlig, er jo bare myr og litt skog aligavel.

(Forresten, grunnen for at det er så møje myr, er veldig forenkla at det er møje og jevn tilgang på nedbør og relativt lav sommertemperatur( golfstrømmen gir også relativt varme, fuktige vintre) Lav oksygentilgang på våte steder gir liten nedbryting av organisk materiale, dermed myr!)

Men kjende jo at det bar oppøve, men dei 3 fysste timane blei det bare gå og ikkje så møje meir. Men når eg skifta til Meråker kommune letta det opp og eg såg at eg var kommen opp av myrene og hadde tørt land under føtene. Herlig å få respons frå frasparket! Var kommen opp i 600 m og det var rett og slett fint. Terrenget minna meir om terrenget hima.

Er nå kommen til Fersli ved Sulåmoen turistsenter. Ligg ved ein nokså stor innsjø, Feren. Tydeligvis et stort hytteområde i Meråker, masse tilrettelagde stiar og treningsveier. Hytteforeningen har og satt opp rastebuer rundtforbi.

Men her på hyttå er eg aleina, som eg var i går, og dagen før, og før..
Har fyrt i ogen og tørka skonå, de trengde det nå.

I mårå legge eg om litt på rutå, går nerom Meråker sentrum. Må ned og sjå koss folkå ser ut, om dei finnes! Ska søren meg spør de om de ikkje skal ut å henta ber, er jo heilt forgale med all den moltå så råtna! Men de snakka så løye, forstår vel ikkje ka eg seie aligavel..,

20130807-192317.jpg

20130807-201814.jpg

I dag vil liksom ikkje kroppen så møje! Kjende det då eg sko stå opp, ville helst bare liggja. Måtte meste sveiva meg i gong. Myrbakkane var seige, og då blei det bare ca 15 km. Er kommen til Bellingstuå i Sandvika, ei ny turisthytta så Simon (tysker) nemde for meg. Hu står ikkje på kart eller nett, så var bra eg traff han.

Rart det der, någen dagar går alt så lett, føle eg kan gå ubegrensa. Mens i dag var det tungt frå første skritt, får ta det som ein kviledag. Kom fram te hyttå kl. 1330. Har nå vaska litt klær, trur det trengdes! Er jo godt med nyvaska klær!

Eg har nemdt myr før, men det er rett og slett fasinerande så myr-dominert terrenget er! Heldigvis er myrå nokså fast så det er greit å gå, men det suge krefter, iallefall oppøve!

Nå set eg i ein godstol, drikk kaffi og høyre radio, straum på hytta. På radioen spelle » some nights» ein av mine favoritter! Å det er godt å sitja, må passa meg så det ikkje blir ein vane! Har ikkje høyrt om någen som har gått Norge på langs, med bare å sitja i ein godstol! Men eg kan jo prøva eg, iallefall i dag, så finne eg det vel ut!

Er i Værdal kommune nå, det er vel der de vinne så møje i Lotto. Sko kjøpt lodd, men det er jo ingen butikkar!

Ligg no 3 dagar før plan, godt å ha någe å gå på i tilfelle dårlig ver!

20130807-074719.jpg

20130806-155757.jpg

20130806-155700.jpg

Fra Gaundalen til Vera, heilt øverst i Verdalen, bare et par kilometer frå svenskegrenså, etappe på 35 kilometer i fint terreng, myr heile veien. Oppe i 850 moh, så ned til 400 der eg er nå. Hadde tenkt å sova på Sveet gjestegård, men dei hadde lagt ned for fleire år sia. Så måtte eg områ meg, hadde sett ei turisthytte på kartet , ligg 10 km i feil retning. De på garden kjørte meg og hentar meg i mårå!
Hadde også håpa at det var butikk her, men nei, 5 mil til nærmeste. De spurte ka eg trong, eg var tom for brød og saft. Ingen problem, det har me, sa dei, og problemet løst! Er det ikkje flott!!

Gløymde forresten å fortelja at årets norske jordbær er kommne til meg, på Gaundalen fjellgard i Nordtrøndelag!! Bonden der hadde vore ein tur med flyet og kjøpt med seg någen jordbær, og trur du ikkje at eg blei servert ferske jordbær med sukker og fløyde!! Om det er någen så trur at det smakte?? Åååååååå!

Eg oppleve så møje kvar dag, dei folkå eg treffe er jo eneståande, landskapet eg får sett er veldig interresant! Det einaste eg må sei eg ikkje likar med dette, er å sjå koss dei små samfunna som har vore her er redusert til någen få folk igjen. Butikkar nedlagde, skular og hus står tomme! Alt er ofra på framskrittets alter! Er me sikre på at me bygge bedre samfunn nå med å samla alt i byar og någen få tettstader?? (Ja, eg vett og kan jo alle argumentene for større enheter og meir økonomisk drift)

Når eg oppleve omtanken og varmen i dei folkå så er igjen på desse plassane, så blir eg usikker! Klare me å ta vare på dette goa? Eg er longt frå sikker på det!

20130805-223259.jpg

20130805-223350.jpg

I Trøndelag er det myr! Te og med i bakkane er det myr! Er jo vane med at myrene er rimelig flate, men her er det myr opp, myr flatt og myr ned! Ja, ja det er nå slig det er!
Har campert på Gaundalen Fjellgård etter ein fin tur fra Gjevsjøen via Holden fjellgård. Rimelig lettgått terreng( myr) og skog. Og i dag her eg gått forbi møje molter, store, gule modne molter! Var ikkje lett!
Driveren på Gaundalen her eget fly i garasjen, som han flyr rundt med! Tenk det ikkje vei, men egen flyplass! Og på tunet stod det lastebil, traktorer og kjøretøy som skulle tilsei at det var veg. Men nei, ikkje vei!
Hadde pause på Holden i dag, åt maten min, tenkte eg sko slappa av litt og la meg nedpå! Vips, så såv eg ein time gitt!
Både Gjevsjøen og Gaundalen har vore med i » der ingen skulle tru at nokon kunne bu» her på Gaundalen bur det 2 personer, mor på 92 og sønn. Lever av sauer, utleie fiske og jakt!

Hadde foresten ein interessant samtale med kona på Gjevsjøen til frokost i dag! Hu fortalde blant møje blant anna at hu var litt lei seg for at de hadde selt kua i fjor. For hu hadde kua med seg på skogen og gjekk tur, henta bær osv. Tenk det, den var ny for meg, någen går tur med venner, någen med hund, hu hadde kua med seg!!

20130805-181129.jpg

20130805-181200.jpg

20130805-181228.jpg

Så er eg kommen til Gjevsjøen, ein liten fjellgard som det bur 3 personer, ektepar og sønn! Er nå i Snåsa kommune. Det var desverre fullt då eg kom så det blir overnatting i telt utforbi. Men eg konne bare komma inn å laga meg mat.
Inne sat ein annen NPL’ er, ein tysker som går andre vegen, så me hadde møje å snakka om, blei sitjande og utveksla erfaringar heile kvelden!

Turen frå Berglia gjekk i fint terreng, ca. 34 km. Bonden på Berglia tilbydde meg å kjøra meg 4 km til setra, men det konne eg jo ikkje ta mot, men undestrekar igjen kor hjelpsomme de er!

Når me sat å snakka om jakt og jaktinteresse i går, kunne bonden fortelja at dei tidlig på 1960 talet hadde ein prest i bygda som var veldig jaktinteressert, ja så ivrig var han at han ein gong avlyste ei gudstjeneste fordi han skulle på harajakt!! Den er søren ikkje lett å toppa altså!!

Her på Gjevsjøen har dei 35 sauer, 9 høner, hund, katt og någen vaktlar.ikkje verst å leva av det! I tillegg har dei 4 hytter for utleie. Og så har de vindmølle!
Snakka med sønnen, han lurte på å bygga mest som et lite hotell, men han visste ikkje ka det blei te!

20130803-231415.jpg

20130803-231439.jpg

20130803-231502.jpg

Flott ver, kjekk kveld i går, starta dagen med godt humør og godfølelse! Så var det dette her då med å gå på vei, blir til at ein følge med på asfaltkanten. Litt utfor den er det mjukare og dermed bedre for beinå. Men ikkje alltid så brei og dermed må eg passa på så eg ikkje skjere ned i grøftå!

Heldigvis så bar det ut i terrenget siste delen. Og då skjer det alltid någe. I dag kom eg til Guslisætra. Tenkte eg konne nå gå bort og spør om det var någen lure stivalg. Med den folkarasen det er her så er det full sving igjen! Bonden kjem ut og sett i gong å fortelja om setra, støla på den sidan 1775, hadde bygd stølshuset sjølv, laga smør og ost, og «tjukkmelk» kom inn og smak!

Må jo innrømma at tjukke melk ikkje er akkurat mi greia, men kan jo ikkje sei nei heller. Inn i seterstovå og ei stor bøtta med tjukkmelk på bordet, sukker og någe havramix. Bonden viste kos eg sko gjera, ausa tjukkmelka opp i tallerken, ha på sukker og så røra kraftig med skeiå til melkå blei «lange» ( dvs. halvtjukk) så oppi med havragreiene og et! Og rett skal ver rett, det var skikkelig godt! Kaldt og forfriskande! Eg skrøydte !!

Då måtte eg smaga fjorårets ost og himalaga smør. Steingodt! Neste var ost frå 2 år sia, den er det litt meir futt i sa han. Bare bedre!!
Når du går herifrå må du ikkje sleppa ut luft på ein time etter å ha ede desse ostane, ellers skremme du dyrå avgarde, meinte an! Stolt og kjekk mann som hadde vært på sætra i 56 sommre, jeger med 76 elgar på samvittigheten og ostemakar på gamlemåten etter bestefaren!

Er kommen til Berglia, har fått låna et lite uthus med det eg treng. Bonden her er også ivrig jeger (97 elgar i beltet), jaktar også på Gaupe, Jerv, Mår og til og med Bjørn( i sverige). Han fortel om kor fælt bjørnen fer på med sauene. Huff Huff!!

Blei møje i dag, men det måtte seiast!

20130803-085603.jpg

20130803-085633.jpg

20130803-085703.jpg