For ein kjekke dag! Starta frå Blesjestadmoen litt over åtte, i litt småregn og skodde. Men det letta etterhvert og det blei bra ver. Turen går gjennom flott terreng, ein går forbi fine stølar heile vegen!
Må bare gi ein erkjenning, Suldal har bare det mesta av flott natur! Nå har eg gått snart heila landet, og ingen plass ser eg desse fine dalar og stølar! Det er bare og gi seg over, glad for at me har dette i Ryfylke!

Stor overraskelse i dag! Som sagt gjekk eg mellom desse flotte stølane, snakka med ein eldre kar på Krogvasstøl, kunne fortelja om gamle dagar og stølsdrift fram til 50-talet! Gjekk så vidare og der traff eg plutselig ein kar eg drog kjensel på. Mikael hadde tatt turen frå Stavanger for å treffa meg, utrulig kjekt! Då var dagen redda, masse å snakka om! Så bar det ned til Mostøl, og så videre til hyttå i Suldal. Nå er også Johanne kommen og me har ein god kveld, med gode besøk frå venner!

Traff også ein gjeng som var på tur, de fortalde at ein kar, Sigbjørn Lerstøl, gjekk Norge på langs! Eg måtte då sei at han kjende eg! Dei kjende meg ikkje igjen, det er vel skjegget som gjer meg ukjennelig! Eller så er det någe anna?

20130831-224821.jpg

20130901-084353.jpg

1 kommentar

  1. Henny-M H Langvik

    Ja,dette fotoet må væra frå vårt Ryfylke . Høyrer på språket ditt at du snart e hima , det dreg i hugjen te fjedlå våre inn igjønå …der me høyre te .God tur vidare !

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *