Nok ein fin dag, fin tur frå Haukeliseter via Holmavatn til Bleskestadmoen, tur på godt 30 km. Hadde pause på Holmavatsshytta. Den er stengt nå i reinsjakta så den var låst. Kun någen sauer så passte på hyttå!

Kjekt å gå den turen, har ikkje gått den før. Litt opp frå Haukeli, opp og gjennom Turistskaret. Ikkje akkurat godt å gå gjennom det, men artig å sjå!

Det er møje ein ska oppleva på denne turen. Når eg kom rundt ein fjellnabbe, så lyste det opp ei damerompa rett foran meg! Og eg var så nærme at eg konne ikkje snu heller, du vett ein besjeden mann frå Vormedal vil jo ikkje uroa damer med buksene av! Så eg hadde ikkje någe valg, måtte bare laga møje «snoflelydar» slig at hu fekk på seg. Heldigvis virka det rimelig kjapt!

Det var ei tysk dama så gjekk rundt i fjellheimen og studerte planter. Eg for min del meina at det går an og studera planter med klenå på eg!

Å komma ned til Bleskestadmoen var ein opptur! Her er det fint, flott hytta og fin plass! Er kun meg pluss et par frå Bergen som er her! Hennar far var frå Jelsa, og hu nevner monge navn. Sko nok kjent fleire frå Jelsa, så hadde praten gått litt lettare! Men kjekk kveld alikavel!

20130901-084507.jpg

20130901-084523.jpg

20130901-084545.jpg

20130901-084601.jpg

3 kommentarer

  1. Eg e så imponerte av deg Siggi…Ka du klare…å Opael e forresten på hell nå,
    Ska spandera den besta ysjå te deg neste år eg:) Du e go!

  2. Jorunn Fleten

    Det som for anna folk er to dagsmarsjer, småspring du på en dag. Og så blogger du i tillegg og alt e bare moro! Dette blir opp mot det råeste….Ønsker deg god tur inn i ditt flotte hjemmerike og jeg gleder meg til bildene.

  3. Marit Tjørhom

    Nettbrettet blei med t Hjelmeland i dag, for å lesa tekst og visa bildene frå Haukeliseter. Stort smil – «eg sko hatt vore der nå eg!» Den siste turen me hadde mens Torstein va go nok t øvenatting va forresten te Haukeliseter, ein favorittplass! Me såg og på albumbilder frå 1985 då murarane va i innspurten – og ettepå innvielse av peisen, me va der begge to då. God tur i nærmare trakter frå Torstein og Marit.

Legg inn en kommentar