Turen i dag gjekk frå Lungsdalen til Geiterygghytta via Kongshelleren, ca 28 km. Konne ikkje starta før halv ni, det er ikkje frukost før 8. Etter eit par timar tok eg igjen eit ungt par, dei var fra Israel. 25 år, studentar, reist til Norge på fottur i over 3 veker! Syntes det var utrulig vakkert i Norge, spesiellt i fint ver. Og dei likte seg aller best på sjølbetjente hytter! Dette på grunn av at det blei alltid best «miljø» der. Alle laga mat og alle snakkte med alle! Det likte dei godt!

Og eg er heilt enig, dei kveldane på den type hytta er topp! Ofte er det folk fra andre land, og då får ein vita ting ein før ikkje hadde tenkt på!

Ellers ser eg at eg nærmar meg den såkalla «sivilisasjonen» igjen. På desse betjente hyttene er det innslag av «firmaturar» som har eit heilt anna preg enn det eg har sett tidligare på turen. Blanda følelse for akkurat det!!

20130825-134635.jpg

20130825-134721.jpg

20130825-134742.jpg

2 kommentarer

  1. Hei! Kjekt å lesa bloggen din! I dag har eg hatt besøk av Kristoffer og Elisabeth. Dei har henta plomma. Dei fekk middag med riskrem til dessert, så du får komma ein annen gong. Eg glede meg te du kjeme him!
    Helsing mor

  2. Marit Tjørhom

    Nå e den blå stregen blitt veldig lange og det e mange som glede seg te du kjeme heim. Men du har gitt så mange gode skildringa som me kjeme te sakna. Ekstra kjekt når du fær sånne daga som 22. august. Torstein og Marit ønskje deg go tur videre!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *