Så flott å komma seg ut i terrenget igjen etter lange dagar på asfalt. Må sei eg har kost meg i dag, flott terreng og sol heile dagen. Har gått opp fra Alvdal og har vore oppi 1150 m. Må sei det var herligt med motbakkar igjen! Skikkelige så svetten silte! Det er godt, kjenna at kroppen funka! Åå! Men også møje lettgått terreng, opp der kor stølane er!

Lite folk å treffa så når eg hadde behov for ein liten pause var det ein bonde som dreiv å kappa/kløyvde ved med traktor og vedmaskin. Eg tenkte han vil eg snakka litt med så eg stoppte, tok av meg sekken og stod å såg på han når
han jobba. Og itte ei stund stoppa han og kom bort te meg! Så fekk me oss ein god prat om gardsdrift, jakt og diverse anna lokalstoff. Veldig trivelige folk, har så møje å fortelja!

Traff også 2 unge jenter som hadde vore på storsølskletten, 1827 moh. på dagsrur. Trur det er Hedmark høgaste fjell, ligg attmed hytta her!

Nistå blei fortert på ein støl saman med 4 kalvar og ein flokk sauer. Kalvane går jo rundt husa på stølane og er så tamme at det var helst vanskelig å halda de vekke fra maten. Måtte sei det til de at de måtte holda seg vekke og ikkje ta maten min, så lovde eg at eg ikkje skulle bli sint! Då la de seg og så blei det veldig trivelig!

Er nå på Breisjøseter, privat turisthytte som ligg veldig fint. Har fått middag og har det godt!

20130816-141538.jpg

20130816-141811.jpg

20130816-142733.jpg

20130816-142805.jpg

3 kommentarer

  1. Marit Tjørhom

    Nå kan me sjå på kartet at du dreie mod vest, og det gir ein følelse at du begynne å nærma deg heimlege trakte! Det versere jo diverse invitasjonar og det ska bli kjekt å be dokke på den vanlege middagen (og kagå) når du får tid. Godt at du hadde ein soldag, håpe på minst ein te!

  2. Nå har eg vore på ferie i eit par veker, og plutseleg har du slukt «halve» Norge. Hadde eg venta litt oppi der så hadde eg treft på deg! Imponerande tempo!

  3. Så fine bilder av flott natur! Kjekt du har fått di vær igjen. God tur videre.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *