33 km på vei med tildels stor trafikk er ikkje akkurat det heilt stora, regn gjer det ikkje bedre! Eg går der å trør på asfaltkanten og tenkje på alt og ingenting.
Har blant annet funne ut at det så sansynligvis lage mest lyd er: vatn! Det bråka veldig ofte, når det kjem ned, når det renn i bekker og foss og i elvar! Men det er jo monge godlydar det laga og! Også er det jo det då, at når vatn er stille og ute i uberørt natur skapar det ofte magisk stemning. Så vatn er utrulig godt, møje lyd, flott og sjå på, og stemningsskapande! Trong bare ikkje komme så møje av det akkurat der eg va!

Røros var ein trivelig plass, fekk meg ein liten tur rundt omkring i dag morges. Var ikkje klar for å starta heilt fra morgon av.
Kan godt forstå at det er ein stad å ta vare på, mange gamle bygg som ligg midt i «byen». Gammel flott kjerka som er nyoppussa, og som inneholder 1600 sitteplassar. Visstnok blant dei største i Norge.
Har gått ut av Sør-Trøndelag i dag, dermed er også trøndelag bak meg! Var kjekt å sjå desse fylka! I dag har eg forøvrig vore i 3 kommuner, starta i Røros, gjennom Os, til Tolga. Og i morgen skal eg inn i Tynset! Kommunane er ikkje så store her.

20130813-222447.jpg

20130813-222503.jpg

20130813-222533.jpg

20130813-222556.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *