Det finnst ennå overaskelser, i dag blei eg overaska. Hadde starta kl 07;20 og gått någen timar. Tenkte eg snart måtte finna ein plass å eta. Då dukke plutselig Kveli bua opp ut av ingenting. Ei lita bu/butikk som ligg aleina ved veien i Kvelia. Eg går inn døra og blir møtt med Hei! Kom inn! Kaffi! Me spanderer kaffi og kager til dei så går NPL! Også ska du få ullsolar, me lage dei her!

Kvelia; Ein plass med 41 husstandar som lage eit utendørs skuespill som samlar over 6000 tilskuere kvart år. Pe- Torsa er hovedfigur og det spelles som føljetong år etter år! Bare lokale skuespillere!! Spilles på Oppigård, sjå bilde!

Blei sitjande i over timen og snakka med dei andre på kaffirommet! Å så trivelig. Konne såte møje lenger, men hadde ikkje komme til Lindesnes då! Fekk gode lykkeønsker på turen, og så bar det i vei igjen!
Når eg har gått någen kilometer kjeme ein bil opp på sida av meg , ei hånd held ut ein ølboks til meg og seie : litt b- vitaminer må du ha! Ein frå kaffeen!!

Ellers har eg fått besøk av Kurt og familien, de plukkte meg opp på veien og me har nå hatt ein kjempefin kveld men pizza og øl, for meg veldig kjekt å treffa kjende! Herligt!

Ca. 35 km etter vei i dag, blei ikkje harryhandel, ingen skinker å kjøpa!

20130801-223834.jpg

20130801-223919.jpg

20130801-223958.jpg

20130801-224112.jpg

4 kommentarer

  1. Kjekt å treffe vandraren i sitt rette miljø! Han ser sterk ut, som en olympier i 10 kamp, seige..han har viljen og fysikken i orden….stå på Sigbørn du leve opp til navnet!

  2. Åh, i dag blei eg rørte av å lesa blogg-innlegget ditt! Så fantastiske folk du treffe på veien! For ein dag!! Det e bare 1 forklaring på det; fordi du fortjene det!! Mør på videre! Du e ras-goe!!:-)

  3. Lill Laugaland

    Ser du berre. Dei gjestfrie finns overalt! 🙂 Kos deg i heia, heile vegen fram.

  4. Dette går unna… .Sprege blir du i tillegg 🙂
    Velkommen til «Sør Norge» kjinna på Sibben..
    God tur videre sørijønå… Me e imponerte 🙂
    Mvh Svein og Co

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *