Ein lange dag gjennom Paddjelanta er over, i någenlunde fint ver. Iallefall ikkje regn og skodde! Så i dag har eg fått sett meir av området her!
Padjelanta betyr; «det høgre landet». Det er sveriges største nasjonalpark og har levande samisk kultur. Det viser seg med mykje reinsdyr og fleire «samebyar». Det er midt i kalvemerkinga, men har desverre ikkje klart å få sjå på. I dag gjekk eg forbi ein innhegning som det lukta sterkt reinsdyr av, og som var skikkelig opptråkka, men var nok ein dag eller to for sein.
Har truffe fleire utlendingar i dag og. Det er veldig vanlig å ta helikopter inn fra Ritsem og så gå tilbake. Så helikopter ser ein fleire ganger daglig.

Hadde nettopp besøk av den samiske hytteverten, hu sa det var veldig lite snø i år, det minste hu hadde sett. Men hadde hatt dårlig vær og mykje vind.
Apropos vind, nå har eg gått i 4 veker og hatt motvind stort sett heile tida!! Må vel snu snart, konne godt fått litt medvind nå!
Det med Samar har me ikkje i Hjelmeland. Når eg gjekk på skulen, kalte me ombobuen for gasserar! Hadde kje vore bedre med Samar? Si øyå er delt, konne me jo då fått både finnøy-samar og hjelmeland-samar!! Det er jo på Same øynå og de går jo på Same skulen! Sama det vel..Forresten, nei me vil heller ha ombobuen som de er, og me trenge jo ikkje Samar heller!!

20130715-180812.jpg

20130715-180830.jpg

20130715-180851.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *