Då e eg kommen longt inn i Sverige, sitter på Alesjaurestugorna, ca 37 km frå Abisko der eg var i går så det blei ein lange dag! Men eg e kommen meg øve tregrenså igjen, det liker eg bedre. Turen i dag har gått først gjennom Abisko Nasjonalpark som stort sett låg i skogbeltet frå 340 m til 500 m over havet. Derfra bar det opp videre der eg er nå, ca. 800 m over havet. Rutå eg fylle er Kungsleden, som fylle dette dalformasjonen opp mot Kebnekaise ( 2106). Men det er ikkje møje kongar å sjå. Men så har det jo regna og heile dagen, kongar går ikkje ut dei då vettu! Sidde inne og drikke vin og pusse kongekrunå dei då!!
Abisko ligge forøvrigt på linjå mellom Narvik og Kiruna. Og den linjå var det visst en del aktivitet på under krigen, fleire plasser er det infoskilt med oversikt over hvordan de forsvarte linjå under krigen.
Ein annen ting, Abisko ligger i «regnværskyggen» det vil sei at det kjeme kun 300 mm nedbør i året! Det er jo ikkje møje for ein vestlending, men litt tosje var det jo at det sko komma akkurat når eg var her!

20130712-175425.jpg

20130712-175455.jpg

20130712-175535.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *