I dag vil liksom ikkje kroppen så møje! Kjende det då eg sko stå opp, ville helst bare liggja. Måtte meste sveiva meg i gong. Myrbakkane var seige, og då blei det bare ca 15 km. Er kommen til Bellingstuå i Sandvika, ei ny turisthytta så Simon (tysker) nemde for meg. Hu står ikkje på kart eller nett, så var bra eg traff han.

Rart det der, någen dagar går alt så lett, føle eg kan gå ubegrensa. Mens i dag var det tungt frå første skritt, får ta det som ein kviledag. Kom fram te hyttå kl. 1330. Har nå vaska litt klær, trur det trengdes! Er jo godt med nyvaska klær!

Eg har nemdt myr før, men det er rett og slett fasinerande så myr-dominert terrenget er! Heldigvis er myrå nokså fast så det er greit å gå, men det suge krefter, iallefall oppøve!

Nå set eg i ein godstol, drikk kaffi og høyre radio, straum på hytta. På radioen spelle » some nights» ein av mine favoritter! Å det er godt å sitja, må passa meg så det ikkje blir ein vane! Har ikkje høyrt om någen som har gått Norge på langs, med bare å sitja i ein godstol! Men eg kan jo prøva eg, iallefall i dag, så finne eg det vel ut!

Er i Værdal kommune nå, det er vel der de vinne så møje i Lotto. Sko kjøpt lodd, men det er jo ingen butikkar!

Ligg no 3 dagar før plan, godt å ha någe å gå på i tilfelle dårlig ver!

20130807-074719.jpg

20130806-155757.jpg

20130806-155700.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *