Flott ver, kjekk kveld i går, starta dagen med godt humør og godfølelse! Så var det dette her då med å gå på vei, blir til at ein følge med på asfaltkanten. Litt utfor den er det mjukare og dermed bedre for beinå. Men ikkje alltid så brei og dermed må eg passa på så eg ikkje skjere ned i grøftå!

Heldigvis så bar det ut i terrenget siste delen. Og då skjer det alltid någe. I dag kom eg til Guslisætra. Tenkte eg konne nå gå bort og spør om det var någen lure stivalg. Med den folkarasen det er her så er det full sving igjen! Bonden kjem ut og sett i gong å fortelja om setra, støla på den sidan 1775, hadde bygd stølshuset sjølv, laga smør og ost, og «tjukkmelk» kom inn og smak!

Må jo innrømma at tjukke melk ikkje er akkurat mi greia, men kan jo ikkje sei nei heller. Inn i seterstovå og ei stor bøtta med tjukkmelk på bordet, sukker og någe havramix. Bonden viste kos eg sko gjera, ausa tjukkmelka opp i tallerken, ha på sukker og så røra kraftig med skeiå til melkå blei «lange» ( dvs. halvtjukk) så oppi med havragreiene og et! Og rett skal ver rett, det var skikkelig godt! Kaldt og forfriskande! Eg skrøydte !!

Då måtte eg smaga fjorårets ost og himalaga smør. Steingodt! Neste var ost frå 2 år sia, den er det litt meir futt i sa han. Bare bedre!!
Når du går herifrå må du ikkje sleppa ut luft på ein time etter å ha ede desse ostane, ellers skremme du dyrå avgarde, meinte an! Stolt og kjekk mann som hadde vært på sætra i 56 sommre, jeger med 76 elgar på samvittigheten og ostemakar på gamlemåten etter bestefaren!

Er kommen til Berglia, har fått låna et lite uthus med det eg treng. Bonden her er også ivrig jeger (97 elgar i beltet), jaktar også på Gaupe, Jerv, Mår og til og med Bjørn( i sverige). Han fortel om kor fælt bjørnen fer på med sauene. Huff Huff!!

Blei møje i dag, men det måtte seiast!

20130803-085603.jpg

20130803-085633.jpg

20130803-085703.jpg

1 kommentar

  1. Marit Tjørhom

    He vore udforbi mi snevra nettsona nogen daga, og det va kjekt å koma heim og lesa seg opp, men veps, tjukkmelk, jammen e der udfordringa i tillegg te dei forventa! Så he eg helsing frå Hj. oms. der eg va i dag og fortalde, bl.a. om adle dei gjestfrie folke du he treft på. «Det konne eg tenkt, an e sympatiske» va kommentaren. Inne på noge der, ja! Så kjekt å sjå bilde av bil med RK-skilt og kjende folk – tenke det gjorde godt! Kvardag og helg går vel i ett – men goe helg ligavel!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *