Nå har eg kommet meg til Tunnsjø senter, men lurer på koffer det hette «senter». Hadde håpt det i det minsta var ei pølsebod, men nei, ingen ting er det her forutan någen hus! Men eg har nå funne meg et grillhus som eg har tatt inn i for natta. Har ikkje funne resepsjonen i grillhuset, men har laga meg mat og drikk nå kaffi. Utanfor står det et partytelt, tenkte det var greit å liggja i!

Har blitt 39 km på vei i dag, går litt fortare men eg blir litt meir øm i beinå av å gå på vei. Også blir ein liksom mindre oppmerksom på natur og ting ein går forbi! Tenkje itte så har liksom dagen bare gått, utan dei store opplevelsane. Forresten, eg såg ein orrhane så letta rett ved veien! Flotte fuglar!

Har gått langs Limingen stort sett heile dagen, stor innsjø som ligg attmed Tunnsjøen. Er liksom nå heilt inntil svenskegrensa, meste slik at eg kjenne lukta av svenskar! I mårå må eg faktisk gå litt inn i sverige. Må vel «harryhandla» då, lura på om det er butikkar? Ser dårlig ut på kartet, men ein vett jo aldri med de svenskane, plutselig er det ein skinkebutikk rundt ein sving, då gjelde det om å ha kvoten klar..

Kommunen eg er i nå, Lierne, har 3 ryper i kommuneskjoldet. Traff faktisk ein mann i dag som var ute og lufta hunden, han sa at rypebestanden var på vei opp igjen! Får håpa han har rett, for oppe i Børgefjell hadde de hatt någen dårlige år nå.

20130731-195053.jpg

20130731-195130.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *