29. juni 2013 · 3 comments · Categories: Generelt · Tags:

Blei ikkje så lett og stoppa i dag, gjekk liga godt te Kilpisjarvi, 40 km , men møje nedover så det gjekk veldig greit. Du veit jo at når god seng og god middag venta er det ikkje vanskelig å gå på! Nå har eg fått meg rom på Kilpis hotell, har fått meg ein dusj og lukter godt, vil eg sei! Det er lordag og då skal me jo kosa oss!
Nå blei jo turen i dag litt lenger enn planlagt, derfor blir det kviledag i mårå! Utpå dagen i mårå kjeme Johanne, det blir topp!!!
Turen i dag blei veldig fin, starta med fint ver. Skya så øve og så kom slodda og regn, før det letta opp igjen og blei eit nydelig kveldsturver!
For å ikkje skapa eit feil bilde av finnane, i dag har eg truffe mange, og alle har konne snakka litt engelsk så: finnane er trivelige folk!!
Terrenget her oppe er veldig prega av 3 ting: stein, vatn og fjell. Eg er vant med møje stein i heia men her kan du gå time gjennom terreng med bare stein!
Ellers må eg sei at finnane er flinke til å tilrettelegga for fottur! Stiane er godt merka, gode bruer øve elvane og fine «koier» som folk kan øvenatta eller bare pausa i! Dette kan me lera av, i Norge har me turistforeningen som jobber iherdig, med dugnad og gaver, for å tilrettelegga for ferdsel i fjell og hei! Mange turgrupper gjer ein kjempejobb med å få folk ut i marka! Eg er sikker på at te meir me får folk ut i skog og hei te bedre blir helså vår! Altså det er rett og slett folkehelse me snakkar om!!! Nå i disse valgtider, hvem snakkar om dette! Eg er sikker på at for kvar krone me «innvisterer» i å tilrettelegga for turer i skog å hei, vil me få ti igjen! ( ikkje ta meg på koss eg har rekna ut dette)
Åsså så lett å gjennomføra, apparatet med turistforeningen og turgrupper, ligge der klar for å byggja/utvikla! Bare gi de litt penger så er alt klart! Skummelt enkelt!
Legge med någen bilder fra turen i dag og må bare sei igjen, det er fantastisk å vara ute å gå heile dagane!!

20130629-224748.jpg

20130629-224816.jpg

20130629-224842.jpg