48 km på vei, fra Heidal til Gjendesheim. Han som driv camping i Heidal tilbydde seg å ta sekken min den første mila, det var jo lett å sei ja til! Skikkelig herligt å gå uten sekk, konne faktisk lett blitt ein vane! Men plutselig var plassen der og sekken på ryggen. Den er likavel så lett nå at det går veldig greit med den på og!

Når du går slik etter vegen, er det lite anna enn tankar og diverse ting ein ser som opptar ein. For någen dagar si hadde eg med eit bilde av fareskilt med fartsdumpar! Kommenterte det vel ikkje, men i dag såg eg slikt skilt igjen. Det var då eg egentlig lure på koffer det finnast slike skilt! Altså permanent oppsatt skilt med fare, humpar i vegen! Lure på koss møje arbeid det er å få tilsendt slikt skilt, samt få satt det opp.
Eg tenkje, hadde det vore lurare og brukt den tiå (og pengene) på å fiksa vegen heller! Altså tatt vekk humpane!! Då hadde det ikkje vore någen fare lenger!! Men men, de skal vel leva de så lage skilt og! Forresten, de konne jo laga skilt så det sto: IKKJE fare for humpar i vegen lenger, så hadde jo alt vore løyst!!

Har fått meg middag på Gjendesheim og alt er bra! Må sei det er et flott syn innigjønå gjendevatnet med dei høge fjellå på siå! Har sett monge fine område, men det er någe eget med Jotunheimen!!

20130819-213859.jpg

20130819-213917.jpg

20130819-213937.jpg

20130819-214151.jpg

Så var de reist! Det var utrulig kjekt å ha besøk og selskap i 3 dagar! Heldigvis fekk me fint ver ein dag slik at de fekk sett litt av Rondane.
Turen ned til Otta i dag gjekk på såre føtter, eg trur dei var glade for at toget skulle ta de videre!

Når de var reist var det bare for meg å komma meg vidare. Var litt i tvil om rutevalget så eg tenkte eg fekk spørja någen. Men veret var dårlig så det var ikkje monge å treffa. Men endelig var der ein så kom mot meg på vegen! Eg stoppte og fekk i gong ein samtale, han sko på søndagskaffi, hadde nettopp skifta kne og det var ikkje godt igjen (osv) han meinte eg burde gå om Lalm og ikkje gå over fjellet til Heidal. Det var skikkelig pyton over der i dette veret, meinte an!
Så eg gjekk vidare og tenkte eg fekk gå rundt då da (30 km)! Men etter ei stund traff eg ein annan, og gjorde feilen og spør han og! Han sa akkurat motsatt, fin tur over fjellet!! Godt merka sti!
Ka sko eg då gjer? Kim sko eg tru på? Måtte bruka litt «logikk» og tenkte: Han med dårlig kne: hatt ein dårlig sommar, vondt i kne, sikker litt «syten» i tankegangen. Han andre med treningstøy og fiskastang, hatt ein god sommar, aktiv, entusiastisk, eg velge han’s råd!

Det betydde 700 høydemeter rett opp og 600 høydemeter rett ned igjen på andra siå! Regna kattungar heile vegen! Heldigvis bryr eg meg ikkje så møje om bakkar lenger!!

Er nå i Heidal. Har visst kommen inn i storelvenes rike, gjekk over Lågen i dag, så over Ottaelva og her renner Sjoa. Ser de kjører på raftingbåtar her, rafting i Sjoa skal vel ver ein høydare!
I dag regna det slik ei stund at eg følte eg «rafta» i stien!

20130818-213028.jpg

20130818-213109.jpg

20130818-213138.jpg

Rondane, å jøss for et flott turområde. Og for et skue! Men det er vel derfor det er kjendt og møje besøkt!
Toppene ligg tett i tett og den eine flottare enn den andre. Turen me har gått i dag, fra Bjørnhollia til Rondane Spa via Rondvassbu er virkelig flott. Anbefales! Møje stein, ja, men mektig og flott!

Virkelig kjekt å ha selsap på turen, og spesiellt kjekt å ha någen å snakka med heile veien. Og me var enige om at dette var bra, fint ver har me også hatt.
Hadde pause på Rondvassbu der me åt fiskasuppe! Det smakte godt, men må sei eg då ønskte meg fiskasuppå til Spa Hotell Velvære, den er vesentlig bedre!!

På turen ned til Rondane Spa blei desse gjestevandrarane eg har besøk av rimelig trange i «skjeret». De hadde nok valgt feil fottøy og var skikkelig sårføtte! Kristoffer gjekk som om han gjekk barføtt på ei spikermatte! Håper de blir bedre i mårå!

20130817-225607.jpg

20130817-225654.jpg

20130817-225721.jpg

20130817-225750.jpg

Tur med besøk!! Fantastisk kjekt å få besøk av Kristoffer og ein kompis. Gjekk fra Breisjøseter kl 10 i dag,veldig seint men de serverte ikkje frokost før kl 0830! Forstår ikkje kaffor så seint, halve dagen er jo gått før ein kjem seg ut! Sko tru det ikkje burde ver problem å åpna før, men de gidde vel ikkje stå opp tidlig.
Turen gjekk opp til ca 1500 m og så rett ner igjen til ca. 700 moh innom Straumbu. Der traff eg kristoffer og de. Så bar det opp igjen til Bjørnhollia på ca 900.
Været, tjukk skodde første del, deretter silregn andre del. Men for ei flott hytte! Masse folk å treffa og trivelig plass! Traff også kjende fra Hjelmeland, så nå forstår eg at eg nærmar meg målet! Har vel gått over 200 mil nå.

På den høgaste plassen i dag var det laga dyregrav for å fanga reinsdyr. Må ha vore litt av ein jobb å få tak i dyra den tida, lettare nå med «muskedunder»

Kristoffer hadde med så møje godt at eg vett ikkje om eg klare gå i mårå! Håpa magen jobbe godt i natt så eg kan eda opp resten i mårå!

20130817-171559.jpg

20130817-172334.jpg

Så flott å komma seg ut i terrenget igjen etter lange dagar på asfalt. Må sei eg har kost meg i dag, flott terreng og sol heile dagen. Har gått opp fra Alvdal og har vore oppi 1150 m. Må sei det var herligt med motbakkar igjen! Skikkelige så svetten silte! Det er godt, kjenna at kroppen funka! Åå! Men også møje lettgått terreng, opp der kor stølane er!

Lite folk å treffa så når eg hadde behov for ein liten pause var det ein bonde som dreiv å kappa/kløyvde ved med traktor og vedmaskin. Eg tenkte han vil eg snakka litt med så eg stoppte, tok av meg sekken og stod å såg på han når
han jobba. Og itte ei stund stoppa han og kom bort te meg! Så fekk me oss ein god prat om gardsdrift, jakt og diverse anna lokalstoff. Veldig trivelige folk, har så møje å fortelja!

Traff også 2 unge jenter som hadde vore på storsølskletten, 1827 moh. på dagsrur. Trur det er Hedmark høgaste fjell, ligg attmed hytta her!

Nistå blei fortert på ein støl saman med 4 kalvar og ein flokk sauer. Kalvane går jo rundt husa på stølane og er så tamme at det var helst vanskelig å halda de vekke fra maten. Måtte sei det til de at de måtte holda seg vekke og ikkje ta maten min, så lovde eg at eg ikkje skulle bli sint! Då la de seg og så blei det veldig trivelig!

Er nå på Breisjøseter, privat turisthytte som ligg veldig fint. Har fått middag og har det godt!

20130816-141538.jpg

20130816-141811.jpg

20130816-142733.jpg

20130816-142805.jpg

Tolga er ikkje så stort, må jo erkjenna at eg ikkje hadde høyrt om plassen eingong før eg begynnte å planleggja turen. Og navnet Tolga, er liksom så lite norsk. Men det er ein egen kommune med 1700 innbyggere og et lite Motel. Motellet drives nå av 2 hollendere som overtok i januar.
Hu som lagde frukost hadde tatt omskolering til ernæring. Når hu høyrde at eg gjekk NPL ville hu meste laga ny frukost te meg. Eg burde hatt ein skikkelige biff, med møje fett og masse egg, meinte hu. Blei litt lenger frukost enn planlagt, hu hadde møje å snakka om. Når eg sko gå kom hu med ein pose med egg, majones og smør, det måtte eg ha!
Når eg sko eta nostå mi seinare var det jo ikkje så lett! Skjeva med syltetøy og ost hadde eg laga sjøl, egg til gjekk jo fint, men så var det majones og smør då, passte ikkje så godt så det får venta!

Hadde ein lenger pause på Tynset, satt på Amfi og såg på folkå så gjekk der. Ganske interessant, damene går og kjikka med håndtaskå øve skuldrå. Så slentra de inn i ein butikk, tar et klesplagg fra stativet, helle det opp, ser, snur det, ser, spør dei de har med seg, ser litt, og så henge de det tilbake! Dette gjentar seg heile veien!! Ja ja dei hadde vel ikkje någe aent å gjera!

Er nå i Alvdal, skal nå gå inn mot Rondane. Etter å ha gått någen dagar på vei skal eg nå ut i terrenget igjen, skal bli godt! Føtene blir litt ømme av å gå bare på astalt! Har de siste dagane følgt Glomma nedover dalen, lite å sjå, det mesta er skog og så någen gardar innimellom.

33 km på vei med tildels stor trafikk er ikkje akkurat det heilt stora, regn gjer det ikkje bedre! Eg går der å trør på asfaltkanten og tenkje på alt og ingenting.
Har blant annet funne ut at det så sansynligvis lage mest lyd er: vatn! Det bråka veldig ofte, når det kjem ned, når det renn i bekker og foss og i elvar! Men det er jo monge godlydar det laga og! Også er det jo det då, at når vatn er stille og ute i uberørt natur skapar det ofte magisk stemning. Så vatn er utrulig godt, møje lyd, flott og sjå på, og stemningsskapande! Trong bare ikkje komme så møje av det akkurat der eg va!

Røros var ein trivelig plass, fekk meg ein liten tur rundt omkring i dag morges. Var ikkje klar for å starta heilt fra morgon av.
Kan godt forstå at det er ein stad å ta vare på, mange gamle bygg som ligg midt i «byen». Gammel flott kjerka som er nyoppussa, og som inneholder 1600 sitteplassar. Visstnok blant dei største i Norge.
Har gått ut av Sør-Trøndelag i dag, dermed er også trøndelag bak meg! Var kjekt å sjå desse fylka! I dag har eg forøvrig vore i 3 kommuner, starta i Røros, gjennom Os, til Tolga. Og i morgen skal eg inn i Tynset! Kommunane er ikkje så store her.

20130813-222447.jpg

20130813-222503.jpg

20130813-222533.jpg

20130813-222556.jpg

Fy søren, det var longt til Røros, 48 km, med regn heile dagen! Og så opp og ned, møje av dagen på vei! Koffer måtte de leggja Røros så høgt? Unødvendig meiner nå eg!

Starta kl 0630 i dag tidlig, ville komma godt i gang liksom. Gjekk 7 km, kom innom ei seter det de dreiv å molka kyrne. Tenkte eg sko spør etter sti å gå videre på! Og så var me igong igjen, de hadde ein sønn( odelsguten) som jobba på Hjelmeland! Måtte inn og få kaffi, og någe godt til! Ein god morgonkaffi!

Ein ting som er irriterande når du går på vei! Du går der og holde ein god fart, så kjem du gjerna ut av eit lite senter, veien går litt oppover, litt tungt, så står det der idiotiske skiltet: slutt på fartsgrense 60!!! Provoserande, konne i det minsta stått et lite underskilt: gjeld ikkje gåande!

Har gått gjennom monge setere i dag, någen er virkelig flotte. Og det ser ut til å vara drift på de fleste! Er nok et godt liv på sommaren både for folk og dyr!

20130812-212839.jpg

20130812-212852.jpg

20130812-212916.jpg

20130812-212938.jpg

Kort tur i dag, kun 17 km opp til Kjølihytta. Regn stort sett heile turen. Gjekk forbi någen gamle gruver, rare plasseringar av dess gruvene, langt oppi fjelltoppane! Gamle var de, men eg kjende faktisk ei lukt av stein, må var sterke saker. De var fulle av vatn, kanskje det så lukta?

Nå er det tilbake til vanlig, aleina på hytta og ikkje truffe någen på veien. Men trønderane eg nok ikkje ute på søndager, iallefall ikkje når det regna! Dei sete nok inne og kokar søndags- trøndersodd!

Har kommentert myrområdene i Trøndelag tidligare, men dei siste 3-4 dagane har turane og stiane eg har gått vore aldeles glimrande! Det er vel dei beste og mest lettgådde eg har hatt til nå! Må sei eg har likt å gå i Sør-Trøndelag. Som sagt flotte stiar og med Sylane som mulighet hvis ein vil ha toppar.

Samtidig har eg truffe folk, interessante personar som tydelig er stolte over området. Å treffa folk når ein er ute i naturen er «kjekkare» enn ellers. Folk er seg sjølv, byr på seg sjølv og dermed er alle på bølgelengde med ein gong! Gode diskusjonar oppstår og alt i ein rolig og god atmosfære. Godt å være med på!

Men nå er eg tilbake til meg, fjellet og reinsdyra! Og dei reinsdyra er ikkje så gode å snakka med, de bare «grøltar» te meg å så stikke de!

20130811-221204.jpg

Flott dag i dag, fra Storeriksvollen via Nerdalshytta til Stuggudalen, til hotell Vektarstua. Fint å komma på hotell, god dusj, god mat og god drikke! Turen i dag var 43 km i et veldig lettgått terreng, første delen langs Sylarna, der Syltoppen er over 1700 m.
Neste helg er det konkurranse som går fra Nerdalshytta til Syltoppen, litt over 11 km og 1000 høydemeter. Mange av de store skiløperne er med, bl.a Nortug og Dyrhaug fra landslaget!

Har nå hatt 3 kvelder med de som er på ridetur, me har gått samme turen kvar dag! Og i dag var de framme før meg. Shit!!! Har hatt ein kjekk kveld saman med de. De fleste var fra Sverige, men også ei fra Tyskland!
Ole Dyrhaug, som driv ridefirma, fortel møje om området her. Skikkelig idrettsfamilie, sønnen er skiløperen Niklas Dyrhaug og kona er daglig leder i Rosenborg Fotball! Eg fekk han ikkje til å ver heilt enige i at Viking er best!

Nå er det adskillig meir folk å treffa om dagane, mange skulle gå på Syltoppen i dag. Må sei det frista litt å gå opp for meg og, men då hadde turen blitt for lang!
Er nå kommen inn i Sør Trøndelag og nærmer meg Røros! Det er liksom det nesta delmålet!

20130810-230951.jpg

20130810-231233.jpg

20130810-231307.jpg