Tenk eg er kommen heilt til Haukeliseter! Blei ein tur på 38 km frå Litleos i dag. Fin tur!!
Har truffe monge folk i dag, frå forskjellige plassar. Traff bl.a. ein frå kvinnherad som var på jakt. Kjekk kar, som spurde kor eg hadde gått frå! Eg sa jo det, hvorpå han sa: Nei seie du da, e du no SO galen du da!

Må sei det var et spesiellt øyeblikk å tippa over kanten og sjå ned på Haukeliseter. Det har vore eit av dei store delmåla å nå hertil. Er nå liksom litt hima når eg kom hertil!

Har fått meg rom og tatt ein dusj, har fått låna vaskemaskin av personale her, klenå mine trengde et vask nå! De hadde fått ei anna lukt enn då de var nye, litt strengare liksom! Har funne ut at det er derfor eg ikkje har sett så mange reindyr, dei har nok lukta meg på lang avstand!

Nå sede eg i matsalen på hyttå, føle meg mest som hima. Ser eg ut vindauga ser eg de flotte Haukelifjella! Dei er bare flotte! Og ser eg inne ser eg den flotte peisen min gode Svigerfar, Torstein, har mura! Ser han for meg då han heldt på å jobba her oppe, her likte han seg veldig godt. Konne godt vore her med meg han og nå, men helså hans stoppar det desverre!

Eg føle meg så nære hima at kvar gong det kjem inn et nytt menneste i salen, gjer eg meg klar til å sei hei! Trur jo at eg kjenne alle her eg vett du! Men så er det bare framande, kjenne ingen! Enten er det ukjende, eller så har eg vore så lenge vekke at alle har forandra seg så møje at eg ikkje kjenne dei igjen!
Skal nå sitja ei stond te, så kjenne eg dei gjedna snart igjen!

20130829-201010.jpg

20130829-201027.jpg

20130829-201042.jpg

20130829-202300.jpg

Kort fin tur i dag, frå Sandhaug til Litleos. Gjekk forbi Besso. Lett og flott terreng.
Før eg starta sa bestyraren på Sandhaug at det var møje reinsdyr i området, fleire tusen i flokkar, så eg speida då etter dyr heile dagen! Men det var ikkje månge å sjå, såg kun et stk. Men når eg kom fram til Litleos hadde de fått 6 dyr i dag, de for avgårde med hesten for å henta kjøttet då eg kom til hytta.

Er nå på Kvinnherad statsalmenning, i går var eg på Eidfjord. Jegrane i området endrar litt dialekt etter kvart som eg kjem over i ny kommune. Kjekt å snakka med dei, det er stort sett vindretning og dyr dei snakkar om. Jegrane ventar på rektig vindretning, her i Litleos likar dei best vestlig vind! Grunnen til det er at reinsflokkane trekkjer mot vinden frå aust, og derfor er det vindretning så gjelde! Og nå er det vestaver så forhåpningane er store!
I mårå går eg inn i Røldal statsalmenning, så det nærmar seg!

20130828-213048.jpg

20130828-213159.jpg

Nok ein flott dag, med nydelig ver. Har gått frå Kjeldebu til Sandhaug ca 34 km. Litt skya frå morgenen av men frå kl. 12 nydelig.

Dei første 8 km til Dyranut fjellstue saman med Ernst! Han hadde ikkje någen lett tur, med blødande gnagsår og stive bein! Må sei eg tykte synd i han! Må vel sei han var glad når han var framme ved vegen!

Nå er eg kommen på Hardangerviddå, veldig flatt og lett å gå, så turen frå Dyranut til Sandhaug var svært lett! Konne bare gje på! Sko over ei bru, men ka trur du kom ut onna brua? Jo ein jeger i full kamuflasjedrakt, var så vidt eg såg an! Måtte jo snakka med an. Det var ein frå hardanger så sko på reindyrjakt, skulle samme vegen så meg. Så me slo lag, og han fortalde! Kjempetrivelig kar, som heller ville sitja på viddå og speida etter reinsdyr ei veka enn å sitja på ei strand i Spania og glo!! Eg var enig!!

Nå er eg på Sandhaug, stor betjent turisthytta! Og i tillegg til meg så er det ein frå Tyskland og ei frå Austerrike! God plass i matsalen kan du sei. Blei plasserte attmed kvarandre, og praten gjekk. Dei hadde vore i Norge i ei vega, og hadde hatt to netter på ein flott plass, Hjelmeland!! Hadde fiska og fått møje fisk! Om dokke trur at eg var enig om det med fin plass!! Måtte finna kart øve rogaland og så la eg ut om Hjelmeland! Kjekt!!
Men det var dei så begynnte om kor fint det var!!

Kjeldebu, nå er me kommne dertil. Fantastisk ver fra Finse, sol og stillt! Blei ein lang tur, Ernst fekk gnagsår tidlig og dermed blei det ein strevsom tur for han! Gnagsår på begge føtene er ikkje å spøkja med. Men han var tapper og stod distansen, sjølv om føttene blødde og musklane var stive! Bra Ernst!

Når me kom fram var det oppi sekken til Ernst å finna allslags godt, biff, poteter, brokkoli, bernaise og rødvin, god italiensk vin. Kan tru det smakte godt, eg er i silkebris og godt nøgd med dagen!

Turen gjekk i et flott terreng fra Finse i kanten av Hardangerjøkulen til Kjeldebu, ca 29 km , litt opp og litt ned. Også med sol heile dagen! Vett ikkje ka eg ska sei, å få lov å gå heroppe i slikt ver og desse omgivelsane gjer meg litt ydmyk! Nå set eg og ser ut glaset, mørkt, skyfri himmel bare någen små skyer i horisonten så ikkje har latt seg knekka, stjerner på himmelen og heilt stillt! Kun litt lyd frå bekken.

Klokka er ti over halv elleve, eg sit i talgalys og nyt alt! Hadde eg kunnet skulle eg delt dette med dokke alle, men det ikkje lett!

Må bare håpa at Ernst kjem inn igjen snart, han er på do! Føttene hans er ikkje til å stola på nå!

20130826-224839.jpg

20130826-225037.jpg

20130826-225149.jpg

Då er eg kommen til Finse og tatt inn på Finse fjellstue. Turen i dag var bare ein liten kosetur på 4 timar over fjellet frå Geiteryggen. Var oppe i over 1600 meter i dag og! På dei høgdene er det veldig god utsikt, kan mest sjå te Roma! Det var ein plass så eg gjekk forbi som hette Sankt Pål, sikkert någen så trudde de såg Roma når dei satte navnet på fjelltoppen!

Gleda meg te å komma te Finse, fått besøk av Ernst frå jobben, som skal vera med å gå eit par dagar. Så nå har eg lag og me skal nyta to dagar med møje godt! Har sett sekken hans og oppi der var det møje godt! Så hvis det blir stille frå meg nå ei stond så er det bare te sekken er tom, så ikkje gløym meg ( eller; stay tuned, så det hette på språket)

Veret, fantastisk, sol og fint, håper det held endå ei stond!
Har ete kjøttkaker og masse dessert så slite med å gå nå, men får håpa det går øve med ei god natts søvn!

20130825-213816.jpg

20130825-213827.jpg

20130825-213837.jpg

Turen i dag gjekk frå Lungsdalen til Geiterygghytta via Kongshelleren, ca 28 km. Konne ikkje starta før halv ni, det er ikkje frukost før 8. Etter eit par timar tok eg igjen eit ungt par, dei var fra Israel. 25 år, studentar, reist til Norge på fottur i over 3 veker! Syntes det var utrulig vakkert i Norge, spesiellt i fint ver. Og dei likte seg aller best på sjølbetjente hytter! Dette på grunn av at det blei alltid best «miljø» der. Alle laga mat og alle snakkte med alle! Det likte dei godt!

Og eg er heilt enig, dei kveldane på den type hytta er topp! Ofte er det folk fra andre land, og då får ein vita ting ein før ikkje hadde tenkt på!

Ellers ser eg at eg nærmar meg den såkalla «sivilisasjonen» igjen. På desse betjente hyttene er det innslag av «firmaturar» som har eit heilt anna preg enn det eg har sett tidligare på turen. Blanda følelse for akkurat det!!

20130825-134635.jpg

20130825-134721.jpg

20130825-134742.jpg

700 m opp og 700 m ned! Nå er eg kommen i terreng så minne om vestlandet, forresten det er vel vestlandet dette! Starta på Breiseter og gjekk opp til Bjordalsbu, høgaste hytta til DNT Oslo Omrgn, på 1574 moh. Stort sett bare stein når ein kjem opp i de høyder. Hadde nistå mi der, gjekk så videre til Ljungdalshytta, betjent hytta med møje folk adle veier. Sov på sovesal med tett i tett med folk rundt meg!
Men nå må eg ikkje klaga, kjekt å treffa folk. På hytta her drive dei litt stølsdrift pg, har 10 kyr og kalvar, griser og lam. I tillegg er det gode fiskevatn så dei er sjølvforsynt med mat. Laga smør og rømme. Veldig god mat! Og det er ikkje vei til hytta!

I tillegg held dei kurs i fisking og rakfisklaging, det er ein gjeng her som er på det! Trivelige folk!

Ca. 30 km i dag, fint område, men som sagt møje stein i høyden. I dag gjekk eg midt oppi et kull med ryper, og de ville ikkje fyga! Har aldri sett maken, de bare sprang rundt meg! Normalt fyge de jo til slutt, men ikkje desse! Snodigt!!

20130825-134516.jpg

20130824-151933.jpg

20130825-132226.jpg

Å for ein dag! Sol og vindstille! Tenk å gå på 1500 m høyde i kortbukse og t-skjorte! Ha matpause og få besøk av ein reinsdyrbukk, eta skjevå og så bare leggja seg i ein grasbakke og sova litt! Hvis någe er fint så er det dette.

Har gått frå Tyinkrysset til Breiseter via Sulebu, ein tur på ca 3 mil. Og heilt opp i 1600 m høyde. Kjempefin tur!

I dag må eg sei at eg har ikkje tenkt på någen ting, bare gått med et lite smil om munnen. Det er liksom ikkje så møje anna så klare fanga oppmerksomheten enn det ein ser! Trur det må samanliknas med ein reset knapp, renska håve og nyta!!

Og så kom eg ned til Breiseter og får ein dusj, ei øl og blir så servert nyfiska steikt aure, poteter og agurksalat. Og så varm eplekake med is til dessert. Er det rart at eg er mållaus? Sko ønska at dokke alle hadde vore med å opplevd dagen, og i mårå skal det bli like fint!!

20130822-223452.jpg

20130822-220249.jpg

20130822-223701.jpg

20130822-223851.jpg

Er nå kommen til Tyinkrysset, litt av et navn på ein plass! Føle jo at navnet tilseie at det er et veikryss, men det er jo ein tettstad med møje hytter. Skitrekk og greier! Har fått meg plass på filefjellstuene. Plassen ligg i Vang kommune i Valdres. Skal nå gå videre inn i Skarvheimen nærmere bestemt Filefjell!

Turen i dag frå Gjendebu gjekk opp dalen og over til innsjøen Bygdin, ca 15 km. Der ligg hytta Fonnsbu. Var innom der og hadde meg någe mat! Og der var det godt å vera, vertinna Solbjørg spanderte kaffi og nysteikt vaffel! Kjempetrivelig dame, flott vertinne!!

Men klokkå var ikkje meir enn to så eg konne ikkje stoppa, så eg bestemmte meg for å ta dei 24 km langs vei til Tyinkrysset. Ikkje møje spennande terreng, men eg har jo fått i påse og sekk av flort terreng dei siste to dagane, så eg skal ikkje klaga!

På turen måtte eg ha litt matteundervisning! Spesiellt! Traff ei bergensfrua så va ute og lufta hunden! Å eg vil jo snakke med de eg treffe så eg fyrte igong! Sa eg skulle til Tyinkrysset så eg hadde vel ei god mil igjen. Jo, sa hu, det var nå seks kilometer til enden på vatnet, så trudde hu det var nesten ei halv mil derfra til Tyinkrysset, så eg hadde iallefall to mil igjen meinte u!! Eg tenkte her må eg vere høflig og justera litt, så eg sa det var vel drøyt, 6 km til enden så 4 km til tyinkrysset, blir vel ei mil det!
Hu meinte hu var ikkje så god i rekning, men ville tippa halvanna mil då!!

Eg fant ut at det var tid for å avslutta samtalen, så eg sa god tur og la avgårde! Og ittepå gjekk eg og lurte på om koss det er å vera lærar i Bergen! Og er det ikkje der handelshøyskulen er?

20130821-212155.jpg

20130821-212301.jpg

Eg seie bare: Jotunheimen er bare topp!
Sendte sekken med båten på Gjendevatnet, og har gått heile dagen uten sekk! Gjekk langs Gjendevatnet til Memurubu, gjekk ikkje besseggen då eg har gått den før. Tok ikkje med meg mat eller någe, planla matpause på Memurubu.
God sti langs vatnet, ein del opp og ned! Så matpause, men det hadde ikkje hytta på Memurubu tenkt, hadde kun muffins!! Tenk, muffins! Er ikkje akkurat någe vandrarmat!! Prøvde å sei det te hu i resepsjonen, men hu skjønte ikkje problemet. eller hu skjønte egentlig ingen ting, ikkje språk heller! Kor hu var frå vett eg ikkje, men me var ikkje på same nett! Hu trykkte på PC’en sin! Men det kom ingen vandrarmat ut! Så muffins blei nistå, med kaffi! Men dei var iallefall gode!
Så var det bare å ta fatt på turen til Gjendebu, over bukkelegeret! Å jøss for ein flott tur! Fantastisk utsikt heile veien, både til gjendevatnet og alle tindane rundt!! Tindane liksom skar seg opp i skydekke, samt isbreane gjekk i ett med skyene! Det er rett og slett bare magisk flott!!
Og så turen ned Bukkelegeret, 500 m rett ned! Ein føle ein henge itte augnavippene, så bratt er det! Så kjem ein til Gjendebu, den første DNT hytta! Og her er det trivelig, god mat også!

Totalt har dagen vore skikkelig god, og eg vil anbefala alle å ta turen hit!
I kveld er det ein skuleklasse på 30 elevar her (10 klasse) så det blir vel begrensa med søvn i nått.

20130821-135747.jpg

20130821-140019.jpg