Turen i dag gjekk frå Mostøl til Krossvatn, rimelig kort tur, men gjennom litt krevande terreng. Ein del stigning opp frå Mostøl, så gjennom et trongt skar, og vidare opp og ned, kronglete og ulendt til vegen frå Strandalen kjem opp. Derfrå er det stortsett bra å gå.
Første del av turen hadde eg lag med Mikael, han gjekk med meg et par timar! Kjempekjekt å ha selskap!

Veret har vært surt i dag, regna og blåst heile dagen, samt skodde så hindra sikten. Og oppi skaret var det litt slaps, nysnøen låg frå 1300 moh, så det hausta nå! Får håpa at snøen lar venta på seg ei veka til

Når eg kom til hytta var den varm, er nok ikkje lenge sia de var gått dei som hadde vore her nåttå før meg! Eg var veldig våt så det var godt å komma inn.

Kjenne nå at eg nærmar meg slutten på denne turen, er motivert for å komma meg vidare mot Lindesnes, så håpar på å starta tidlig i mårå

1 kommentar

  1. Helge R. Andersen

    Stå på Sigbjørn! Ikkje langt igjen!! Du e beinhard og steintøff!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *