Nok ein flott dag, med nydelig ver. Har gått frå Kjeldebu til Sandhaug ca 34 km. Litt skya frå morgenen av men frå kl. 12 nydelig.

Dei første 8 km til Dyranut fjellstue saman med Ernst! Han hadde ikkje någen lett tur, med blødande gnagsår og stive bein! Må sei eg tykte synd i han! Må vel sei han var glad når han var framme ved vegen!

Nå er eg kommen på Hardangerviddå, veldig flatt og lett å gå, så turen frå Dyranut til Sandhaug var svært lett! Konne bare gje på! Sko over ei bru, men ka trur du kom ut onna brua? Jo ein jeger i full kamuflasjedrakt, var så vidt eg såg an! Måtte jo snakka med an. Det var ein frå hardanger så sko på reindyrjakt, skulle samme vegen så meg. Så me slo lag, og han fortalde! Kjempetrivelig kar, som heller ville sitja på viddå og speida etter reinsdyr ei veka enn å sitja på ei strand i Spania og glo!! Eg var enig!!

Nå er eg på Sandhaug, stor betjent turisthytta! Og i tillegg til meg så er det ein frå Tyskland og ei frå Austerrike! God plass i matsalen kan du sei. Blei plasserte attmed kvarandre, og praten gjekk. Dei hadde vore i Norge i ei vega, og hadde hatt to netter på ein flott plass, Hjelmeland!! Hadde fiska og fått møje fisk! Om dokke trur at eg var enig om det med fin plass!! Måtte finna kart øve rogaland og så la eg ut om Hjelmeland! Kjekt!!
Men det var dei så begynnte om kor fint det var!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *