Då er eg kommen til Finse og tatt inn på Finse fjellstue. Turen i dag var bare ein liten kosetur på 4 timar over fjellet frå Geiteryggen. Var oppe i over 1600 meter i dag og! På dei høgdene er det veldig god utsikt, kan mest sjå te Roma! Det var ein plass så eg gjekk forbi som hette Sankt Pål, sikkert någen så trudde de såg Roma når dei satte navnet på fjelltoppen!

Gleda meg te å komma te Finse, fått besøk av Ernst frå jobben, som skal vera med å gå eit par dagar. Så nå har eg lag og me skal nyta to dagar med møje godt! Har sett sekken hans og oppi der var det møje godt! Så hvis det blir stille frå meg nå ei stond så er det bare te sekken er tom, så ikkje gløym meg ( eller; stay tuned, så det hette på språket)

Veret, fantastisk, sol og fint, håper det held endå ei stond!
Har ete kjøttkaker og masse dessert så slite med å gå nå, men får håpa det går øve med ei god natts søvn!

20130825-213816.jpg

20130825-213827.jpg

20130825-213837.jpg

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *