Eg seie bare: Jotunheimen er bare topp!
Sendte sekken med båten på Gjendevatnet, og har gått heile dagen uten sekk! Gjekk langs Gjendevatnet til Memurubu, gjekk ikkje besseggen då eg har gått den før. Tok ikkje med meg mat eller någe, planla matpause på Memurubu.
God sti langs vatnet, ein del opp og ned! Så matpause, men det hadde ikkje hytta på Memurubu tenkt, hadde kun muffins!! Tenk, muffins! Er ikkje akkurat någe vandrarmat!! Prøvde å sei det te hu i resepsjonen, men hu skjønte ikkje problemet. eller hu skjønte egentlig ingen ting, ikkje språk heller! Kor hu var frå vett eg ikkje, men me var ikkje på same nett! Hu trykkte på PC’en sin! Men det kom ingen vandrarmat ut! Så muffins blei nistå, med kaffi! Men dei var iallefall gode!
Så var det bare å ta fatt på turen til Gjendebu, over bukkelegeret! Å jøss for ein flott tur! Fantastisk utsikt heile veien, både til gjendevatnet og alle tindane rundt!! Tindane liksom skar seg opp i skydekke, samt isbreane gjekk i ett med skyene! Det er rett og slett bare magisk flott!!
Og så turen ned Bukkelegeret, 500 m rett ned! Ein føle ein henge itte augnavippene, så bratt er det! Så kjem ein til Gjendebu, den første DNT hytta! Og her er det trivelig, god mat også!

Totalt har dagen vore skikkelig god, og eg vil anbefala alle å ta turen hit!
I kveld er det ein skuleklasse på 30 elevar her (10 klasse) så det blir vel begrensa med søvn i nått.

20130821-135747.jpg

20130821-140019.jpg

1 kommentar

  1. amalie lerstøl

    Flinke du e papi! Ikkje langt igjen, bare skynta deg så mødes me før me vett ordet av det! E så stolte over deg! Du har jo blitt største snakkisen blandt vennenne mine, haha!!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *